Grenland Brass har valt å bli med i prosjektet «Bli bedre, få det bedre» i regi av Norges Musikkorps Forbund. To rettleiarar har følgt opp korpset. Saman har dei laga handlingsplan og visjonar for korpset. Dette har dei jobba med i snart to år og er noko av forklaringa på godt oppmøte.

Målretta jobbing

På 18 månader har korpset gått frå 15 til 27 faste musikantar + ein som er med for ein periode. Styreleiar Jan Petter Hestvik fortel at dei jobbar målretta mot å auke kvaliteten på det musikalske nivået og ha ei stabil og eiga besetning gjennom heile korpsåret.

– Vi er veldig godt fornøgd med rettleiarordninga. Før vi vart med i prosjektet hadde vi god korpsdrift, men mangla noko. Vi ville gjerne, men fekk det ikkje heilt til. No har vi jobba med målsettinga over tid og har blant anna tett kopling mellom styret og musikant. Å vere bevisst på den tett kontakten, kva forventning og krav vi stiller til kvarandre, er ei rettesnor og gir oss gode tilbakemeldingar.

Vi er veldig godt fornøgd med rettleiarordninga.

Born to play og rettleiarordninga

NM brass som parameter

Som middel for å nå målet har dei brukt NM som måleparameter.

I NM brass i år stilte Grenland Brass i 4. divisjon og kom på ein 6. plass. Målet var å kome på øvre halvdel i divisjonen og det klarte dei. Neste mål er å avansere til 3. divisjon til NM brass i 2016. Men målsettinga stoppar ikkje der. Korpset har nemleg ambisjon om å halde seg i den divisjonen, ha eiga besetning og nå 2. divisjon i 2018.

Er ikkje dette eit litt hårete mål Hestvik?

– Det er litt av målet, å ha høge mål. No har vi stabilisert oss i 4. divisjon. Vi må ha litt å strekke oss etter, og medlemmene er med på det.

I tillegg har dei lagt vekt på å vere synlege og stolte for å lykkast med måla sine.

Det er litt av målet, å ha høge mål.

Alle aldrar

Medlemsregisteret viser at aldersspennet er stort i Grenland Brass, frå 16 år til over 70. I tillegg er det ein som har søkt om å bli medlem frå august.

– Det er hyggeleg å ha eit ungt medlem på lista som vil begynne. Han var konfirmant i vår og hadde ikkje tid då, seier Hestvik.

Rekruttering viktig

Det å ha kontakt med skulekorpset, som i seg sjølv er ein samfunnsaktør, er viktig. Men også å rekruttere til vaksenkorpset.

– Det er få som skulerer seg i instrumentopplæring i vaksen alder. Å få unge med i korpset er også eit mål, seier Hestvik.

Gjennom «Grenland Brass-bruksanvisning» når dei ut med forventningar, fortel kva dei driv med og kva det inneber å vere medlem i korpset.

– Tilbakemeldingane på denne «GB-bruksanvisning» er gode.

Vinn-vinn-situasjon

Medlemmene viser også stor fleksibilitet. Tre musikantar har bytta instrument for å få kabalen til å gå opp. Ein har gått frå kornett til baryton, ein frå flygelhorn til kornett, og ein frå ess-kornett til b-kornett. Dette gir plass til nye talent og er gjerne også positivt for den som byttar instrument.

– For tida har vi eit sterkt ønske om å få inn ein Bb-tubaist. Det treng vi sårt. Dirigenten vår Arild Ovrum er sjølv tubaist, så her får eit eventuell nytt medlem eit godt læringsmiljø, lokkar styreleiaren.

Les meir om Grenland Brass på nettsida deira.