– Agathon kom til meg etter ei øving og lurte på om korpset kunne spele eit stykke han ville skrive. Rundt to veker etterpå kom han med fanfaren «Rainbows». Det fortel dirigent for mellomkorpset i Søreide og Sandsli Skolekorps, Fredrick Schjelderup. Korpset skal delta i NM skolekorps brass i 3. divisjon. Det er fyrste gong i NM for dei 26 unge musikantane på 10-12 år.

11-åringen Agathon Smith-Giske spelar melodisk slagverk i mellomkorpset (juniorkorps) og får trommeundervisning av dirigenten.

Kvifor ville du skrive eit eige musikkstykke til korpset?

– Eg tenkte at det ville vere bra fordi eg hadde melodiar i hovudet som eg sang til pappa. Eg ville prøve å komponere, eg og.

Kva følelse får du når korpset spelar fanfaren din?

– Når vi spelar akkurat det stykke føler eg at eg er jaggu stolt over meg sjølv, at eg har klart det.

Ein smilande og stolt Agathon Smith-Giske. Foto: Christine Børnes.

Ein smilande og stolt Agathon Smith-Giske. Foto: Christine Børnes.

Nært førebilete

Han har det nok i seg, det å ville komponere. Pappa Svein Henrik Giske har nemleg skrive og arrangert fleire musikkverk for korps, blant anna skreiv han «Goldberg 2012» som pliktnummeret til NM brass 2012. Der har han fått skryt for sin enorme musikalske kvalitet. Den engelske brass-nettstaden 4barsrest kåra stykket til året beste pliktnummer i Europa.

Arveleg belasta

No er det sonen, Agathon Smith-Giske som har fått nedarva nokre av fars-genene og komponert fanfaren «Rainbows».

– Ja, ler Svein Henrik. Han er glad i å spele og han har fått min gamle synth, og ein bass. Det er klart eg har hjelpt han. Han har sunge tema og rytme som han ville ha med, så har eg hjelpt til å sette det i hop. Men han gjer dette av eigen fri vilje. Eg har ein låg profil.

Rainbows-fanfaren som er eit av tre musikkstykke korpset konkurrerer med har litt forskjellige karakterar i seg og er på vel eit minutt.

Folketone

Det andre musikkstykket korpset har øvd inn er Folketone frå Sunnmøre etter Blinde-Karl, ny-arrangert av Svein Henrik Giske.

Blinde-Karl var født blind, lærte seg blindeskrift på skule i Trondheim og blei ein viktig tradisjonsbærar på Sunnmøre. Han skreiv notar i blindeskrift og siterte ofte: «Det auga ikkje kan sjå, tar eg att gjennom tonane».

Stykke nr. 3

Det siste stykket «Kind of Deja Vu» har dirigent Fredrick Schjelderup signert.

– Litt av skissene som ikkje vart brukt i 2012, kjem til syne i denne versjonen. Den gongen skreiv eg eit nytt stykke til NM for Søreide og Sandsli Skolekorps, med tre like tonar, som i initialane til skulekorpset (SSS), og det går igjen i repertoaretdette stykket. Det er ein langt kortare versjon (4,5 minutt), men bygd over samme tema, og vart difor heitande «Kind of Deja vu»; noko har skjedd før, men er ikkje heilt det same.

Kor vanskeleg er dette stoffet for korpsmusikantane?

– Formen er nok meir vanskeleg enn det mellomkorpset har spelt før. Det består av ulike delar, men heng saman. Eg har tenkt på korpset når eg har skrive og det passar nivået deira. Det er viktig å finne musikk til dei du jobbar med, meiner Schjelderup.

Kor stort er det å få vere med i NM?

– Hovudkorpset har hatt det som tradisjon å avslutte sesongen på NM. I år er ikkje hovudkorpset med, og eg trur ikkje det har gått heilt opp for dei minste enno. Men vi nemner det innimellom og så har dei konkurrert i både Hordablæsten og vore med på Sotrafestivalen, seier Fredrick Schelderup.

Søreide og Sandsli Skolekorps, mellomkorpset. Foto: Christine Børnes.

Søreide og Sandsli Skolekorps, mellomkorpset. Foto: Christine Børnes.

Blir spesielt

Den unge komponisten gler seg til NM skolekorps brass i Stavanger.

– Ja, veldig mykje. Spesielt å stå framfor publikum, og fordi eg har skrive eit eige stykke.

Lysta til å skrive/komponere musikk igjen for ungguten er der så absolutt.

– Ja, det har eg lyst til. Det er litt kort det stykket eg har skrive, men eg kan kanskje skrive eit litt lenger, svarer han.

Godt miljø i korpset

Dirigenten trur det blir kjekt å kome seg på tur.  Det er alltid litt spennande med konkurranse.

– Sjølv om vi er forsiktige med at dette er konkurranse, fordrar det god innsats, skjerpings på øvingane og at foreldregruppa er innforstått med det. Dirigenten skryt av korpset og støtteapparatet.

– Det er ein kjempeherlig gjeng å jobbe med og foreldregruppa er svært positive.

Framtidsretta ung musikant

Og med ein ung komponistspire i rekkene, lovar det godt for nye norske komposisjonar. Som mange andre på sin alder spelar Agathon også fotball.

– Fotball må eg slutte med før eg blir gamal. Korps og musikken kan eg drive med livet ut.

Du vil kanskje bli musikar/komponist, som pappa?

– Ja, det vil eg, kjem det kontant frå 11-åringen.