Totalt nær 13,8 millionar kroner frå Instrumentfondet 2015 er fordelt på 465 korps. 17 korps har fått 100.000 kroner kvar. 33 korps har fått 75.000 kroner, medan 60 korps har fått 50.000 kroner til kjøp av instrument. Tilsagnsbrev er sendt ut og utbetaling skjer i midten av september.

Vart superglade

Alta skolekorps er eit av dei 17 korpsa som har fått tildelt pengar i høgste kategori. Siv Malen Murberg er leiar og fortel at dei vart superglade.

– Du skulle ha vore her når eg opna mailen. Det var stor ståhei og vi hadde aldri trudd at vi skulle få så mykje støtte. No kan vi kjøpe 4 nye pauker. Pauker er vanvittig dyre, så vi hadde ikkje hatt mulighet til dei utan slik støtte. Dei vi har i dag låner vi, og dei er gamle og utbrukte.

Skulekorpset i Alta er 30 medlemmer med drillen. Allereie tysdag skal dei ha rekrutteringskonsert og håpet er sjølvsagt at fleire vil starte i korpset. No klarer dei ikkje å få kjøpt paukene før konserten, men uansett er det viktig å ha instrument å tilby seinare.

– Nye instrument kan vere med å hjelpe til med rekrutteringa. Paukene vil koste 175.000 kroner og med instrument-støtta og 25.000 frå sponsor, skal vi klare å finansiere 50.000 kroner sjølve. Vi vart så glad!

Nordpolen Skoles Musikkorps

– Eg og kona mi tok high-five og jubla vilt på eit busstopp. Dei som køyrde forbi måtte tru vi hadde vunne i Lotto, seier leiar Tomas Austestad i Nordpolen skoles musikkorps i Oslo etter at dei fekk tildelt instrumentfondpengar.

Nordpolen Skoles Musikkorps er eit ungt korps med 10 medlemmer. Austestad jobbar som dirigent for andre korps i Oslo-området og meinte den nye og ombygde skulen (Sandaker vgs) som sonen skal ta til på, måtte ha eit korps og grunnla korpset for halvtanna år sidan. Kona dirigerer korpset.

– For oss er det avgjerande å få pengar for å kunne ha økonomi til neste runde. Det vi ønsker er å kjøpe instrument til eit fullt korps. Heile summen går nok med til å kunne ta inn eit heilt nytt aspirantkull.

Det fyrste «leveåret» for korpset fekk dei donerte 4 klarinettar frå Intune Music i Bodø. Rockebandet Violet Road frå Kåfjord gav dei ein saksofon.

– Dette er veldig kjekt. Intune gav oss starten og så har vi brukt dei kanalane vi kjenner. Alle gutane i rockebandet har bakgrunn frå korpsmiljø, har korpsprofil og brukar mykje saksofon sjølve. I tillegg har ein del av korpsa som kona mi og eg jobbar i, stilt opp med låneinstrument.

Solvang og Skårdalen Skolekorps

– Hos oss braut det ut spontan applaus då vi annonserte at korpset har fått 100.000 kroner til instrument, og stemninga er på topp, seier leiar Thorbjørn Voilås i Solvang og Skårdalen Skolekorps.

Korpset var relativt sterke i Haugesund for nokre år tilbake, men så skjedde det ting som gjorde at alle slutta. Det har endra seg no og behovet for instrument er stort.

– Vi har vore i ein veldig ekspansjon dei siste åra. Vi er om lag femdobla frå å ha lege med brukken rygg til å bli 40 i hovudkorpset og 17 aspirantar. No bygger vi sakte men sikkert ein ny kultur. I år satsar vi på trommer, pauker og xylofon. Vi treng mange instrument, så pengane kjem godt med. Dette gjer det mulig å realisere ønska våre, seier Voilås.

Dei nær 60 medlemmene er relativt unge. Berre to er med frå tidlegare.

– No er vi i gang med ein ny sesong og vinterkonsert. Det store målet er Rogalandsmesterskapet. Og tre-års-målet vårt er å delta i NM om tre år, avsluttar han.

Stort behov

Instrumentfondet er ei statleg støtteordning for skulekorps og -orkester der det blir løyvd pengar til kjøp av instrument. NMF er saksbehandlar av Instrumentfondet for alle korps i Norge, uavhengig av medlemskap.

I år søkte korpsa om totalt nær 39,8 millionar kroner. Administrasjonssjef i NMF Arne Amland seier behovet er stort

– Vi er glad for at potten har auka i år, så fleire korps får pengar til instrumentkjøp.

Tildeling 2015 fordeler seg slik:

Kr. 100.000,-  17 korps
Kr. 75.000,-     33 korps
Kr. 50.000,-     60 korps
Kr. 30.000,-     91 korps
Kr. 20.000,-     119 korps
Kr. 10.000,-     137 korps
Under 10.000,- 8 korps (Desse korpsa fekk tildeling lik søknadssum)

Instrumentfondet

Tildeling Instrumentfond 2015 (Alle korpsa)