– Vi er fyrst og fremst stolte over at vi har fått ein auke i medlemsmassen i korpsa. Det er i tråd med målsettingane for programmet. Auken kjem av både nyrekruttering og at musikantar blir verande i korpsa. Resultatet er oppløftande og gir god grunn til å jobbe vidare med arbeidet, seier korpsbyggar i Norges Musikkorps Forbund (NMF) Per Einar Fon.

Korpsbyggarprosjektet er eit av satsingsområda i NMF som er inne i sitt femte år. Fon er drivkrafta i administreringa av prosjektet. Han presiserer at det ligg mykje hardt arbeid bak både frå korpset si side og frå rettleiarane som er involvert.

– Det er korpsa som gjer store delar av jobben sjølve. Rettleiarane hjelper med mål, retning og gjennomføring, seier han.

Korpsa gjer store delar av jobben sjølve

Inspirasjon og ny giv

Vang Skolekorps i Hamar har gjennomført programmet og er svært godt fornøgd.

– Det har vore ei positiv oppleving å vere med i korpsbyggarprogrammet. Korpsmiljøet har fått ein ny giv og ny inspirasjon, seier leiar Gunhild Tomter Alstad.

På kort tid har korpset nådd eit av delmåla sine som var å auke medlemsmassen. I fjor var dei 56 medlemmer og i år er dei 71.

– Det er svært lovande. Styret arbeider målretta og det er svært nyttig å bevisstgjere styret og korpsmedlemmene. Alle musikantane har blitt høyrde og tatt på alvor, og dei er involvert på ein eller annan måte, frå dei yngste på 9 år til dei eldste på 19 år. I dette arbeidet har dei tillitsvalde vore sentrale, fortel styreleiaren.

Når uttalte mål

Det er nettopp dette som er tanken. Gjennom rettleiing finn korpset ut kor dei er, finn ein ny dynamikk i gruppa, og det blir etablert forventningar om at noko skal skje. Ofte finn korpset raskt ut kva dei ønskjer og drøymer om, både musikalsk og kva mål dei vil strekke seg etter.  Rettleiarane har heile tida fokus på framdrift i prosessen. Dei kortsiktige delmåla musikalsk skal vere motiverande for musikantane.

– Korps får høve til å sette ord på utfordringar dei har og set sine eigne mål som dei skal jobbe etter. Dei ser kvarandre og dreg i felles retning, fortel Fon.

Musikk i fokus

Musikk og musikalsk mestring og utvikling er alltid det viktigaste. Nettopp musikkfellesskapet skil korpset frå alle andre fritidstilbod. For å oppnå dette er det viktig, særleg i skulekorps å ha system på opplæringa. Då sikrar ein at musikantane møter like utfordringar, uansett. Alle, både den enkelte musikant, dirigent, styret eller evt innleigde folk, jobbar mot det same målet!

Korpset ville satse

Vang skolekorps ville revitalisere kopsmiljøet, både gjennom nyrekruttering og å halde på medlemmene over tid. Dei har jobba internt og eksternt med både sosiale og musikalske tiltak.

– Vi fokuserer på konkrete tiltak som rekrutteringskonsertar på skulane. Vi vil vere meir synlege i lokalmiljøet og vi ønskjer at fleire skal delta på NMFs sommarkurs. Her tilbyr vi å betale halvparten av kontingenten mot at musikantane pliktar seg til eit år til i korpset.

Fadderfunksjon

I tillegg samarbeider vi på tvers av tre korps slik at dei eldste fungerer som fadderar og mentorar for dei yngste. Dette styrker miljøet internt. Og sjølvsagt satsar vi på musikalsk kvalitet og vil halde på dei dyktige dirigentane vi har, seier Tomter Alstad.

Vi ønskjer at fleire skal delta på NMFs sommarkurs og tilbyr å betale halvparten

Skulekorps i startgropa

Ekeberg skoles musikkorps er nyleg blitt med i programmet og det er difor litt tidleg å sjå resultatet. Men dei synst det er nyttig for styret å få råd undervegs i arbeidet frå rettleiarane.

Auke spelegleda

Ønsket deira er å kunne løfte den musikalske kvaliteten for å auke spelegleda hos musikantane, og få fleire til å bli i korpset lengre. Ekeberg skoles musikkorps har eit godt sosialt miljø, og har god rekruttering i dei lågare årstrinna på skulen.

– Vi har blant anna fått eit betre system for medverknad frå musikantane og musikantane sin tillitvalde, som eit direkte resultat av prosjektet. Vi har gjennomført fleire plenumsmøte med musikantane, og vi har endra vedtektene til korpset slik at musikantane sin tillitsvalde får større påverknad i styret, seier Rita Skjærvik som er styreleiar i Ekeberg skoles musikkorps

– Korleis vil de jobbe vidare for å bli betre?

– Vi skal sette oss klare mål for kva vi vil oppnå, og så skal styret saman med dirigentane sette i gang konkrete tiltak både for å auke den musikalske kvaliteten og eventuelt gjere andre ting spesielt retta mot dei eldste musikantane, seier Skjærvik.

Fleire vil bli med

– Korps står i kø og vil delta og utfordringa er å ha nok rettleiarar. Vi søkjer stadig etter nye rettleiarar (veileder) i regionane våre. Rettleiarane stiller opp på styremøte i korpsbyggarperioden, samt på fire plenumsmøte med heile korpset. Vi har to-tre veilederopplæringar i året.

Vil du bli veileder, ta gjerne kontakt med pere@musikkorsp.no