Klart for finale

Alle dei åtte regionale meisterskapa vart gjennomført siste helg. Dei som presterte aller best i dei regionale mesterskapa kvalifiserte seg til den nasjonale meisterskapen.  Utøvarar med 24 og 25 poeng er direktekvalifisert til nasjonal finale. I år kom også dei med 23 poeng vidare, bortsett frå dei som fekk denne poengsummen i kategorien fiolin/bratsj.

I 2016-17 er meisterskapen open for desse disiplinane: gitar, messingblås, treblås, sang, stryk og kammermusikkgruppe.

Årets musikar

I finalen i Oslo blir blant anna Årets musikar 2016-2017 kåra. Vedkomande blir lønna med 50.000 kroner.

Innan 15. desember vil deltakarane få meir informasjon om når dei skal spele i semifinalen laurdag 21. januar 2017. Både semifinale, finale og superfinale blir arrangert på Norges musikkhøgskole i Oslo, helga 21.- 22. januar.

Oppdateringar skjer på UMM si nettside. 

Høgt musikalsk nivå

Fokuset er ikkje på konkurransebiten. Alle får ei tilbakemelding frå juryen som dei kan bruke til å utvikle seg vidare. Det blir meldt om skyhøgt nivå på deltakarane i år.