Følgande kriterier vart vektlagt i behandling av søknadane som kom inn:

Tildelingshistorikk
Store og dyre instrument
Kvalitetsinstrument
Heilheitsvurdering

Tildeling 2016 fordeler seg slik:

Kr. 100.000,-  17 korps
Kr. 75.000,-     31 korps
Kr. 50.000,-     49 korps
Kr. 30.000,-     82 korps
Kr. 20.000,-     96 korps
Kr. 10.000,-     232 korps

Instrumentfondet er ei statleg støtteordning for skulekorps og -orkester der det blir løyvd pengar til kjøp av instrument. NMF er saksbehandlar av Instrumentfondet for alle korps i Norge, uavhengig av medlemskap.

I år søkte 589 korps om 57,2 millionar kroner. Det er fleire søkjarar enn nokon gong.

– Difor fekk ikkje alle som søkte om pengar innvilga søknaden, seier administrasjonssjef i NMF Arne Amland og legg til at behovet for pengar til instrument rundt om i korpsa er stort.

Instrumentfond oversikt 2016

Instrumentfondet