Dei seinare åra har Norges Musikkorps Forbund etablert regionkorps i alle åtte regionar, nokre har også fleire korps i sin region. Seks av dei møtest på Hamar 21. – 23. april.

I regionkorpsa møtest mange av ungdommane som er ekstra interesserte i å spele. Her får dei nye musikalske utfordringar og nye vener.

Stort utbyte

NMF Trøndelag tok initiativet til ei samling for regionkorpsa, og samlinga i 2015 i Trondheim gav meirsmak. Både det sosiale og musikalske utbytet var stort. Hedmark og Oppland regionkorps vann for to år sidan og er vertskap i år.

Mykje flott musikk

­- Vi håpar årets samling på Hamar blir ei stor oppleving for musikantane, og vi håpar publikum kjenner si besøkelsestid og tar turen til Hamar Kulturhus laurdag 22. april. Her blir det mange flotte musikalske opplevingar, seier generalsekretær i NMF Karl Ole Midtbø.

Hamar Kulturhus. Foto: Trond Eklund Johansen.

Hamar Kulturhus. Foto: Trond Eklund Johansen.

Pliktnummer

Konkurransen er ein konsertkonkurranse med pliktstykke. I år er det «Kronprins Olavs Honnørmarsj» av Oscar Borg, instrumentert av Bjørn Mellemberg. I tillegg skal alle korpsa ha eit norsk stykke på programmet.

Dommarar

Eldar Nilsen og Bjørn Morten Kjærnes er dommarar under regionkoprssamlinga 2017. Nilsen er frå Vinstra og er musikkmajor i HM Kongens Garde. Han har studert trompet og orkesterdirigering. Kjærnes er utdanna adjunkt , har studert komposisjon og hatt mange produsentjobbar.

To konsertar i tillegg

Utanom regionkorpsa blir det blant anna konsert med Hans Majestets Kongens Gardes Musikkorps og festkonsert og premieutdeling med Toneheims Folkehøyskoles korps.

Sjølve konkurransen startar kl. 1100 i Hamar Kulturhus.

Velkommen!