Aliza og Rabia vil begynne i skulekorpset
Dei to søstrene Rabia Rizwan og Aliza Rizwan vil begge begynne i Furuset skoles musikkorps. I dag får dei prøve instrument og allereie no veit dei kva instrument dei vil spele.
Furuset skoles musikkorps er eit heilt unikt korps i Oslo. Korpset har ingen etnisk norske og består av språkleg minoritetar frå 2. – 6. klasse. Furuset har ikkje hatt fullverdig korps på mange år, men det siste året har det gått stadig oppover. Og med hausten dukkar det opp nye born som ønskjer å bli med.
Rabia (11 år) har fått prøve både klarinett og baryton, og det er baryton ho vil spele. Men kva triggar lysta til å spele i korps?
– Veninna mi spelar her og eg hadde lyst å bli med, fortel ho.
– Og då kan vi øve og spele saman.
Ho har tenkt på å begynne i eit heilt år, men i dag er fyrste gong ho møter opp og høyrer korpset spele saman.
– Dei er veldig flinke, seier ho forsiktig.
PULSE-hjelp
NMF har jobba mykje med Furuset det siste halvanna året. Korpsbyggar og rettleiarar frå NMF Øst er medhjelparar, og er i tett dialog og kommunikasjon med kulturskulen.
Deltakarar frå utvekslingsprosjektet PULSE Stronger Together (NMF/Fredskorpset/FieldBand) har bidrege med god opplæring og motivert musikantane i Furuset skoles musikkorps. I år er det Sihle Mabena og Sizwe Nkosi frå Sør-Afrika som er fast inne i korpset. I dag får dei og god hjelp frå dei to andre i PULSE-deltakarane, Masibulele Langa og Thulani Dupa. Dei øver nemleg til Barnas Verdensdager i Oslo 5. november.
Les om Barnas Verdensdager i Oslo.
Korpset har fått gode tilbakemeldingar og Furuset skole er stolt over korpset sitt. På nettsida deira finn vi korpset i aksjon for å markere FN-dagen saman med andre skular i Oslo.
Sjå bilde: FN-markering ved Trygve Lies plass
På veg oppover
Furuset skoles musikkorps er eit korps som var utan styre i 2015. I dag er styret i korpset og fleirkulturelt der dei færraste har styrekunnskap. Dette skapar sjølvsagt utfordringar, men NMF har hjelpt dei på vegen. Framleis har dei med ein rettleiar frå korpsbyggingsprosjektet Bli-betre-få-det-betre.
Dette er jo heilt fantastisk! Ingvill-dirigient
No er dei rundt 15 musikantar i korpset. Dirigent Ingvill Starberg fortel om tilbakemelding frå ein lærar ved skulen.
– Alle er kjempeimonerte og alle lærarane på skulen vil hjelpe med å reklamere for korpset til elevar og føresette. Dei er så stolte og dei ønskjer at fleire born skal få sjansen til å oppleve å spele saman med oss. Dette er jo heilt fantastisk!
Korpset deltok også på 17. mai i år og viste godt igjen i toget på nasjonaldagen. Sjå NRK1 frå 17. mai 2016.
Musikk å bli glad av
Ei mor i korpset fortel frå sidelinja at det er fantastisk å få andre kulturar inn, øve utan notar og spele fengane musikk som både born og vaksne blir glad av. Ho skryt uhemma av prosjektet VinterPULSE som mange born fekk ta del i i vinterferieveka 2016.
Sjå: Film frå VinterPULSE (langversjon)
To nye medlemmer
Søster til Rabia, Aliza (7år) har bestemt seg for å spele klarinett. Instrumenta må settast i stand og klargjerast til neste veke. Då er dei klare for nye barnehender og korpset har fått to nye medlemmer.
Barnas Verdensdager
Det neste og spennande målet for borna i Furuset skoles musikkorps er Barnas Verdensdager i Oslo 5. november. Vil du høyre dei, så møt opp på Grønland kulturstasjon som vil vere omgjort til eit stort eventyrslott fullt av spennande ting å sjå på, ete og oppleve!