Symposiene og Ungdomskonferansen som pågår samtidig på Hell starter fredag og er landets største korpskonferanse.

– Det er stort at vi får opne konferansen, fortel dirigent Jan Viggo Thuve Øwre til avisa Altaposten. Han skal halde foredrag på konferansen om det å vere spelande dirigent.

Sju musikantar + dirigent

Tverrelvdal skolekorps består av berre sju medlemmer og manglar tubaspelar. Difor steppar dirigenten også inn på tuba.

Les: Over 300 samles på Hell

Heime i Alta er 15 aspirantar klare til å begynne i korpset. Dalingane er etterkvart blitt kjent som eit dyktig skulekorps. Oppdraget på Hell er nok det siste med berre sju musikantar og den spelande tubadirigenten.

Sommarfuglar i magen

– Vi er litt spente men gler oss, både til turen og til framføringane, seier dirigenten til avisa.

Korpset fekk invitasjon frå dagleg leiar i NMF Trøndelag etter ein konsert i nord-norsk mesterskap 2013 der dei gjekk av med sigeren.

Dyktige ungdomar

Leiar i korpset Einar Dahl er reiseleiar og seier korpset har fått mykje merksemd dei siste åra fordi dei er så dyktige.

– Det er veldig gledeleg.

På Hell skal framføre musikk som varer i 15 minutt og dei skal delta både på Ungdomskonferansen og symposiene.

Les heile artikkelen i Altaposten.