Kommunikasjonsteamet i Fredskorpset (som er ein samarbeidspartner i PULSE – Stronger Together) har tatt i bruk ein av videoane produsert av PULSE-gjengen. Filmen er brukt i ein kampanje om å nå tusenårsmåla.

FNs tusenårsmål

Ved inngangen til eit nytt tusenår vedtok FN eit sett med utviklingsmål for framtida, kjent som FNs tusenårsmål. Desse tar sikte på å betre levestandarden og betre folk sine liv i utviklingsland rundt om i verda.

Fredskorpset Norge har sendt inn bidrag i informasjonskampanjen på linje med andre organisasjonar som jobbar med frivillege og unge folk.

Her er filmen som PULSE-teamet i Sør-Afrika har produsert

Her er historia om Field Band Foundation

Ny nettside mot tusenårsmålet

I fjor lanserte Fredskorpset og åtte andre organisasjonar nettsida 500 Ways 500 Days for å markere nedtellinga til sluttdatoen for FNs tusenårsmål. Gjennom å fortelje historier set dei søkjelyset på alle dei måtane frivillige fremjer berekraftig utvikling.

Jobbar for ei betre framtid

Tusenårsmåla har inspirert regjeringar, organisasjonar og enkeltmenneske verda over til å jobbe endå hardare for ei betre framtid for alle. FN sitt toppmøte skal vedta nye bærekraftige mål på toppmøte i New York i september 2015.

Les og del historiene

Her kan du lese og dele historiene som blir presentert på nettsida 500 Ways 500 Days.

Samarbeidsprosjekt

Korps bidreg til å gje born og unge ei betre framtid. Field Band Foundation brukar musikk og dans til å gje unge menneske med vanskelege oppvektstvilkår ein positiv kvardag. Norges Musikkorps Forbund, Field Band Foundation og Fredskorpset har jobba saman i mange år og gjennom PULSE vidareutviklar og styrker vi arbeidet med at musikk kan bety en forskjell til unge menneske både i Norge og Sør-Afrika.

Les om PULSE – Stronger Together