Birgitte Grong held foredrag om «Den gode veien frå aspirant til hovudkorpsmusikant». Grong er ein av dei leiande på aspirantopplæring i Norge og står sentralt i utviklinga av høgskulestudium for aspirantdirigentar. Det blir praktiske øvingar og aktivitet for innlæring og alle er oppmoda om å ta med instrument.

To nye seminar

Nytt i år er Sight-reading, eller notelesing. Her får deltakarane presentert ein metode for å trene heile korpset kollektivt på å lese notar, både melodisk, harmonisk og rytmisk.

Nytt i år er også «rehearsel-lab» i staden for tradisjonell «masterclass».

– Dette er blitt veldig stort i USA bl.a på Midwest Band Clinic som er verdas største dirigent- og korpskonferanse. Erfaringar derfrå er at læringsutbyttet er langt større enn for masterclass. På symposiet på Hell vil vi kombinere emne, metodar, teknikk og foredag med praktisk demonstrasjon, seier prosjektleiar Geir Ulseth.

Kjende amerikanarar til Hell

Eit anna tema på symposiet er repertoar, kva er lurt å bruke, og korleis tilpasse repertoaret best mogeleg. Presentasjonen står amerikanaren Ed Huckeby, komponist, musikar og dirigent frå USA, James Swearingen, dirigent og ein av dei mest spelte komponistane i Norge, frå USA og Birgitte Grong.

Grete Helle Rasmussen held foredrag om «Korleis lærer barn». («How do children learn»). Helle Rasmussen underviser i Musikkpedagogisk teori og Generell musikkdidaktikk ved Barrat Due.

– I tillegg til fokus på aspirantkorpset har vi gode tilbod for skulekorps og vaksenkorpsleiing, seier Ulseth.

Bli betre leiar

Byåsen Skolemusikkorps med Dag Helle Bysting deltar søndag, og Bob Childs med Trondheim Politis Brass Band deltar laurdagen med fokuset «How to build and motivate your musicians».

– Målet er at deltakarane skal få betre innsikt i metodiske verkty for å utvikle seg pedagogisk og bli ein betre leiar. Dermed kan dei bli betre til å inkludere, motivere og utvikle dei musikalske ferdigheitane til musikantane i eige korps. Her vil vi kome inn på barnas grunnleggande læringsevne, metodar samt lære korleis tilpasse og velje det beste repertoaret, seier Ulseth.

For alle arrangementa på Hell er det nyttårskonsert med Halsen Musikkforening. Dirigent: Espen Andersen og gjestedirigent Lars Erik Gudim på Scandic Hell Hotel. Nyttårskonserten blir arrangert for 20. år på rad og artistar i år er Frode Alnæs og Reidun Sæther.    

Påmeldingsfrist: 15. desember
Dirigentsymposiet 13. – 15. januar 2017. Lenke til programmet