NMF er svært uroa for situasjonen til Forsvarets Musikk og endringane som forsvarssjefen har foreslått.

– Tenk langsiktig

Norges Musikkorps Forbund anbefaler at fleire departement går saman og sikrar Forsvarets Musikk si kunstnariske verksemd i eit langtidsperspektiv.

NMF ved president og generalsekretær forstår at forsvarssjefen må ta høgde for at det norske forsvaret er i endring, og dei foreslår difor å tenke annleis og langsiktig.

Brevet er stila til både forsvarsministeren og kulturministeren.

Stor betydning for kulturlivet

– Dette er av stor betydning for kulturlivet generelt og musikklivet og korpsa sine regionar spesielt. Den norske korpsrørsla har eitt profesjonelt nivå som set standarden, og det er Forsvarets musikk. Det er avgjerande for korpsrørsla at Forsvarets musikk er representert i alle regionane i landet, heiter det i fråsegna.

NMF oppfordar politikarane til å legge vekt på Stortingsmelding 33 som vart einstemmig vedtatt i 2009 om Forsvarets kulturvirksomhet.

Her kan du lese heile brevet: Innspill til langtidsplan for forsvarssektoren

Les: Forsvarsmusikken reduseres

Logo-bildet under kan du laste opp og bruke der du måtte ønske. F.eks på korpsets nettside, plakater, brosjyrer og korpsets eget materiell.

Forsvarskorpsa_nyn Forsvarskorpsene_bokm