- Bli med i eit musikkmiljø og ver sosial!
– Det å spela saman med andre og bli kjent med nye folk når ein reiser rundt på turar med korpset, synst eg er kjekt, seier Åsmund Vetle Bru Nøkling på 13 år. Han har vore i korpset i 5 år, og spelar saksofon.
Vaksdal barne- og ungdomskorps er for barn og unge i alderen 6-16 år. Leiar og dirigent i korpset er Uldis Plepis. Det er berre eit korps for barn og unge i Vaksdal kommune, og det gjer at dei blir rekruttert frå heile kommunen.
Styring
Vaksdal barne- og ungdomkorps er styrt på dugnad gjennom eit foreldrestyre, samt støtte av kulturskulen. Korpset samarbeider med vaksenkorpset i kommunen og også skulekorps frå andre kommunar.
Start i korps
Åsmund Vetle Bru Nøkling seier at å spele i korps er å anbefale til dei som vil læra å spela eit instrument.
– Bli med i eit musikkmiljø og vere sosial, oppfordrar han.
– Eg gler meg til å bli betre på saksofon og sjølvsagt til Hordablæsten i april neste år. Det er eit høgdepunkt for alle i korpset.
Utfordringar
Korpset har dessverre problem med å skaffa eigne øvingslokale og finne rom til lagring av instrument og anna materiale. Korpset har ei utfordring med å rekruttere nye musikantar og å halda på musikantane i ungdomsåra. Og korpset eig ikkje altfor mykje pengar, så innkjøp av instrument og materiell er også ei utfordring.
Sosialt å spele i korps
Haldis Tuva Tolås Boge er 15 år, og er medlem i korpset og spelt tverrfløyte i korpset i 6 år.
– Eg likar å spele i korps fordi det er sosialt og ein lærer mykje. Eg vil anbefale å byrje i korps til dei som likar musikk og likar og vere saman med andre.
Ho gler seg også til Hordablæsten til neste år.
– Det trur eg blir kjekt, seier Haldis Tuva.
Tida framover
Vaksdal barne- og ungdomskorps ynskjer å framleis vere ein viktig del av kulturlivet i Vaksdal kommune. Korpset gjev born og unge eit trygt og godt musikalsk miljø å veksa opp i. Difor vil korpset ha eit tett samarbeid med kulturskulen i bygda, og dei vil jobbe for å rekruttera nye medlemmer.
Skrive av Karina Kulshamar Ulevik og Martine Eidsnes frå Vaksdal som brukte OD-dagen sin blant anna til å skrive om korpset i heimbygda si.
Dei var også ute og filma I <3 korps. Sjekk videoen på Facebooksida vår.