120 korpsmusikantar frå Hordaland gjennomførde dei innøvde musikkstykka på Ole Bulls plass med stor sjølvtillit under leiing av dirigent Hilde Brevik Grytten. Ask Eidsvik overrekte blomsterhelsing og snakka lenge med Dronninga.

Kva sa du til henne?

– Eg fortalde at eg spelar piano, sparkar fotball og så althorn her i dag, seier han tydeleg stolt.

Ask Eidsvik gir blomster til Dronninga. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Ask Eidsvik gir blomster til H.M. Dronning Sonja. Bak henne, statsminister Erna Solberg, ordførar Trude Drevland og fylkesmann i Hordaland Lars Sponheim. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Kva sa dronninga til deg?

-He,he, nei det huskar eg ikkje, svarer han litt forlegen.

Trompetsolist

«Nystemten» er sjølvskriven på ein dag då Festspillene i Bergen opnar. Sofie Kolve Haukås spelte trompet på dei to fyrste versa med innleving. Ho spelar i Krohnengen Skoles Musikkorps og hadde same oppdraget i fjor. I tillegg til å vere medlem i Krohnengen spelar ho på elitenivå saman med Sandvikens Ungdomskorps.

Sangsolist

Tomine Mikkeline Eide sang dei to neste versa med nydeleg røyst. Eide begynte å synge som 10-åring og har dei seinare åra deltatt på store arrangement og er eit stort sangtalent. Ho sang også «Nystemten» under opninga på Torgalmenningen.

Sofie Kolve Haukås og Tomine Mikkeline Eide før framføringa. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Sofie Kolve Haukås og Tomine Mikkeline Eide før framføringa. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Kongekorpset under leiing av Hilde Brevik Grytten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Kongekorpset under leiing av Hilde Brevik Grytten. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Meir om Festspillene i Bergen.