Born to play-konserten er eit samarbeid mellom Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Dette er ein konsert som skal heidre alle som gjer ein formidabel jobb i korps rundt om i landet.

Det er oppretta seks kategoriar prisar: «Årets skolekorpsdirigent», «Årets voksenkorpsdirigent», «Årets korpsbygger skolekorps», «Årets korpsbygger voksenkorps» og ny kategori 2015 er «Årets drillpris». «Årets talent» blir også presentert på konserten.

Eit av norges beste janitsjarkorps, Lillestrøm Musikkorps deltek på konserten, saman med Gaute Ormåsen, Chinook Lamers og «Årets talent» Louise Nitter Røsland. Ingeborg Heldal er konferansier.

Ein ekstern jury har vurdert dei nominerte og femten av alle nominerte kandidatar er komne til finalen.  Berre ein kan vinne pris i kvar kategori.