Bli med og delta på festen i Hamar Kulturhus. Her blir det musikk og stormande jubel  med utdeling av «Årets prisar».

Lillestrøm Musikkorps

Elitekorpset Lillestrøm Musikkorps er eit av norges mestvinnande janitsjarkorps som spelar musikk i alle sjangrar. Dei speler operakonsertar, framfører orkesterverk, storband- og populærmusikk. Korpset dektek i meisterskap og underhaldingskonkurransar og er blitt norgesmeistrar fleire år på rad. Målet til korpset er å vere eit av Norges leiande amatørkorps, og å levere gode konsertopplevingar. Musikalsk leiar og dirigent er Trond S. Myhre.

Les meir om Lillestrøm Musikkorps

Gaute Ormåsen

Gaute Ormåsen frå Brummundal i Hedmark er ein av artistane på Born to play-konserten. Han slo igjennom i Idol 2003. Han har gitt ut 4 album med klassikarar som «Kjærlighet er mer enn forelskelse» og «Chasing Rainbows».

Chinook

Chinook Lamers kom på ein 3. plass i Idol 2014. Chinook som ho også blir kalla, er frå Sør Fron i Gudbrandsdalen og fekk mykje merksemd under Idol. Etterpå hadde ho ei tøff tid. No er ho tilbake på musikksporet og er med på Born to play-konserten. Høyr «Shinook – Go Home»

Ungt musikk- og teatertalent

«Årets talent» Louise Nitter Røsland frå Åsane i Bergen deltek med musikk på klarinetten sin. Ho er også ivrig teaterjente og har fått talentutviklingsstipend frå Bergen kommune. Ho ser føre seg ei utøvande framtid som anten skodespelar eller musikar

– Det som driv meg er at eg elskar å stå på ei scene, har ho uttalt til Åsane Tidende.

Konferansier

Ingeborg Heldal frå Hedmark er konferansier under BTP-konserten og prisutdelinga. Ho har som ung spelt i Brøttum Brass.

– Eg kan med handa på hjertet sei at eg ikkje hadde vore den personen eg er i dag utan Brøttum Skolekorps. Les inlegg i Ringsaker Blad.

Gjer ein fabelaktig jobb

God leiing i eit korps er ofte avgjerande for suksess. Alle dei nominerte gjer ein fantastisk jobb. Juryen hadde ei tøff oppgåve med å velje ut dei 15 finalistane.

– Dirigentar, korpbyggarar, drillarar og musikantar gjer ein fabelaktig jobb i skulekorps og vaksenkorps over heile landet. Alle er viktige i eit korps, og samspel i korpset er alfa og omega for at korpset skal utvikle seg og bli til ein god arena for born og vaksne som vil drive ein ettertrakta og god fritidshobby, seier korpsbyggar i NMF Per Einar Fon.

Prisdryss

Prisane som skal delast ut under konserten er: «Årets drillpris», «Årets dirigent skolekorps», «Årets dirigent voksenkorps», «Årets korpsbygger skolekorps», «Årets korpsbygger voksenkorps» og «Årets talent». Vinnarane i kvar kategori får 50.000,- kroner og «Årets talent» får 30.000,- kroner.

Les: 15 nominerte til årets priser.

BTP-konserten er eit samarbeid mellom NMF og Norsk Tipping.