– Vi er overtydde om at fornying må springe ut av ein tradisjon – tradisjonar formar framtida, heiter det i ei melding frå Manger Musikklag. Når dei spelar sin konsert, får du både tradisjon og fornying.

I Gavin Higgins sin ballettmusikk «Dark Arteries» er historia om gruvesamfunna sitt endelikt, og dermed også byrjinga på slutten for kolindustria i Europa. Noreg er inne i ei tid med store endringer i oljeindustrien. Musikken til Higgins er med andre ord svært aktuell. Du får også høyre musikk frå brassbandrørsla sin eigen tradisjon i «Resurgam – a tone poem» av Eric Ball – eit stykke mange musikantar og musikarar har eit forhold til.

To konsertar i Johanneskirken

Fredag 30. september kan du høyre to ulike ensemble i Johanneskirken. Fyrst ut er den prisvinnande trioen Fløyboba, beståande av tre unge musikarar frå Kongshaug Musikkgymnas. Dei skal spele eit program utelukkande av Knut Vaage, som har bidrege med musikk til BrassWind ved fleire høve.

– Vi gler oss til kombinasjonen av tuba, obo og fløyte.

Du får så høyre Norwegian Cornett & Sackbuts, eit tidlegmusikkensemble som spelar på tidsriktige instrument. Desse ur-instrumenta har klare likskapar med moderne blåseinstrument, samstundes som dei har noko heilt anna: ein poetisk klang som representerar tradisjonen. Likevel skil den seg så vesentleg frå moderne messingklang at ein må rekna den som original og særeigen.

Unge i elden

Laurdag 1. oktober er det dei yngre talenta som skal fyrst i elden. Dei er representert ved Manger Folkehøgskules brassband og noregsmeistrane Midtun Skoles Musikkorps. Frå Danmark vitjar Det Kongelige Danske Musikkonservatorium sin tromboneklasse oss, leia av professor Jesper Juul Windahl.

Dei blir det høve til å høyre også seinare på dagen, i lag med Krohnengen Brass Band under leiing av Bjørn Breistein. Her vil  Jesper Juul Windahl vere solist med Krohnengen.

Sinfonietta og fabrikk-klang med moderne messingklang

BrassWind 2016 vert avslutta av Konsen Sinfonietta Tromsø og Telemark Messingensemble. Sinfoniettaen er eit ektefødt born av kunstmusikken, og sidan ca 1990 har det vorte skapt mykje musikk for nettopp ei slik besetning. Konsen Sinfonietta Tromsø vitjar oss med sentrale samtidsverk, og vert leia av Kai Grinde Myrann og Rolf Borch.

Telemark Messingensemble. Foto: Hanne Oellingrath.

Telemark Messingensemble. Foto: Hanne Oellingrath.

Telemark Messingensemble har tinga musikk som eigentleg skal framførast i gamle fabrikkhallar. «Pop Machinery» av Klaus Sandvik er eit forsøk på å smelte saman klang frå fabrikkhallar og moderne messingklang. I tillegg får me høyre Canzona nr. 1 av Henrik Ødegaard, eit stykke som er tileigna Telemark Messingensemble.

Velkomen til BrassWind 2016!