Eid Musikklag hamna på 9. plass i 7. divisjon med 85 poeng.

Rotevatn er frå Nordfjordeid og alltid vore med i korpsmiljøet der. Han har tidlegare vore leiar i Unge Venstre, men er no Venstre sin stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane. Eidaren seier korps har vore og er veldig viktig for han. Han er oppvaksen i korps der tverrfløyte vart hans instrumentval.

For åtte år sidan var han med i NM saman med Bergens-korpset, Skjold Nesttun Janitsjar.

– Men etter det har eg ikkje delteke på NM, og heller ikkje har det blitt tid til  å spele fast i korps. Men når det gamle korpset skulle vere med i NM for fyrste gong, så er det kjekt å vere med dei, seier han.

NM viktig for rørsla

Han meiner eit norgesmeisterskap er viktig for korpsrørsla.

– Ja, det er veldig viktig for korpsmiljøet å møtast slik. Det gjeld for dei fleste hobbyar. Ein skaper opplevelsen av eit felles nasjonalt nettverk som er viktig uansett om det er politikk, musikk eller idrett ein driv med.

Viktig for korps

Og ikkje minst er det veldig viktig for det enkelte korps å ha eit mål å jobbe mot.

– Eg merkar ein annan glød og fokus hos musikantane i Eid i oppkøyringa. Alle skjerpar seg litt ekstra og begynner å øve heime. Dei har lyst å gjere det bra i mesterskapet.

– Korleis opplever du NM?

– Eg synst NM er veldig kult. Her treff eg mykje folk eg kjenner frå studietida, og ikkje minst fleire av dei eg har vore i HMK Garden med. Så for meg er NM veldig fint. Det er deilig å kunne drive med hobbyen sin igjen, som eg ikkje får tid til elles.

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn er med på NM janitsjar. Foto: NMF

Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn er med på NM janitsjar. Foto: NMF