Grunnen til at Christiania kom på fyrsteplass med lik poengsum er at to av dommarane hadde Christiania som vinnar, derav fyrsteplassen.

Christiania Blåseensemble vart dirigert av Cathrine Winnes, medan Svein Henrik Giske dirigerte Dragefjellet Musikkorps.

Resultatliste – NM janitsjar 2016

I 1. divisjon gjekk Mo Hornmusikk frå Mo i Rana/Nordland til topps med 98 poeng, eit halvt poeng før Kolbotn Konsertorkester frå Akershus på andre plass. Det betyr at dei rykker opp og skal spele i elitedivisjon nest år. Dirigent for Mo var Reid Gilje.

Mo Hornmusikk sin representant jublar for 1. plassen i 1. divisjon. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

Mo Hornmusikk sin representant jublar for 1. plassen i 1. divisjon. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

Alvøens Musikkforening frå Hordaland tok heim sigeren i 2. divisjon med 98 poeng framfor Sande Musikkorps frå Vestfold. Begge rykker opp til 1. divisjon

Alvøen sin representant jublar over 1. plassen i 2. div. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

Alvøen sin representant jublar over 1. plassen i 2. div. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

I 3. divisjon fekk to Hordaland-korps dei to øvste plassane. Sigeren gjekk til Lungegaardens Musikkorps. Dei fekk 98 poeng før Os Musikkforening med 96 poeng. Begge rykker opp ein divisjon neste år.

Lungegaarden takkar og bukkar under premieutdelinga i Olavhallen laurdag kveld. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

Lungegaarden takkar og bukkar under premieutdelinga i Olavhallen laurdag kveld. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

I 4. divisjon gjekk Prosjekt MMXIX frå Hedmark til topps med 97 poeng. 5. divisjon vart vunne av Musikklaget Ulf frå Møre og Romsdal, 96 poeng.

MMXIX vann 4. divisjon. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

MMXIX vann 4. divisjon. Foto: Mads Myr Munthe-Kaas/NMF

Byåsen Musikkorps tok fyrsteplassen i 6. divisjon med 94 poeng og 7. divisjon vart vunne av Ås og Vestby Musikkorps (Akershus) med 96 poeng.

Heile 117 korps deltok i årets NM i totalt åtte divisjonar.

Resultatliste – NM janitsjar 2016

Gjennomføringsmodell 2017