Dirigerer du eit skulekorps? Griegakademiet tilbyr deltidsstudium over to semester i skulekorpsleiing.

Kurset  omfattar dirigerings- og instruksjonsteknikk, pedagogikk, administrativ leiing og metodikk. Du vil få kunnskap om korleis du leiar eit skulekorps, vel repertoar og instruerer øvingar og konsertar.

LES: Det handlar om å bygge korps

Studiet er særlig aktuelt for dirigentar i Bergensområdet. Dirigentar som er tilnytta eit skulekorps i Bergen kan søke om å få støtte til studieavgifta på kr. 15.000,- frå Bergen kommune. Send e-post til hordaland@musikkorps.no dersom dette er aktuelt for deg.

Men studiet er relevant for deltakarar frå heile landet!

Griegakademiet tilbyr dette i samarbeid med Norges Musikkorps Forbund og Bergen kommune.

Meir om studiet på UiB sine nettsider.