Til helga møtest drillarar til dyst. Det skjer i Håkons Hall på Lillehammer. Det er påmeldt 342 startnummer frå 26 korps og klubbar til det fyrste Drill Grand Prix i historia.

Ny konkurranse

Drill Grand Prix (DGP) er ein heilt ny konkurranse og eit samabeidsprosjekt mellom korpsdrill og sportsdrill. Dette er den største arenaen for drillarar i Norge i dag, både med tanke på talet medlemmer som blir invitert og storleiken på hallen. Med 40 meters takhøgde, 3500 kvadratmeter parkettgolv, stort garderobe- og tribuneanlegg, ligg alt til rette for god stemning, inspirasjon, spenning og flott drilling.

Internasjonale trendar

Nasjonal drillkonsulent Ingrid Yerlikaya fortel at det skjer mykje internasjonalt i drill for tida.

– Korpsdrillarar og sportsdrillarar i eit tettere samarbeid er heilt i tråd med det som skjer med drill internasjonalt. Når det fyrst skal vere felles konkurranse i Canada, synst eg det var naturleg å ta kontakt med sportsdrill i Norges Danseforbund, og dei tente straks på ideen.

– På NBTA Europa og WFNBTAs kongress i haust fortalde eg om samarbeidet i Norge. Alle vart svært imponert over kor langt Norge var kome.  Så vidt eg veit er det berre vi som skal gjere uttaket til konkurransen i Canada saman. Dei andre har kvalifisering i separate konkurransar.

Samarbeid er lærerikt

Det å samarbeide har sine fordelar og ulemper, men mest fordeler seier Ingrid.

– Det er lærerikt, inkluderande og spennande å få eit innblikk i andre måtar å gjere ting på. Det er dessutan ein fordel å vere fleire når ein så stor arena som Håkons Hall skal leigast.

Men det tar også litt tid å finne ut av ting. Så ho ber om forståing for at informasjon ikkje kjem like tidleg som drill elles er vande med.

Stor spenning

Forventningane er store og mange gler seg til drillhelga på Lillehammer. Det blir motiverende og spennende å sjå drillarar frå begge forbund, og så skal det skje eit viktig uttak.

Drillarane kan kvalifisere seg til Grand Prix i Canada 10. – 11. august 2014. Der skal det vere konkurransar i 1 baton, 2 baton og tropp. Kvart land kan sende tre solistar frå kvart forbund i tre aldersklassar for både kvinner og menn, samt ein tropp frå kvart forbund.

– Dette er stort, seier Yerlikaya som saman med utøverane gler seg voldsomt til helga.

Om det blir vidare samarbeid framover vil vise seg etter evalueringa av drill-helga.

– Men så langt ser det i alle fall lovande ut med tanke på vidare samarbeid, seier den nasjonale drillkonsulenten.