Bystyret i Trondheim satsar på korpskultur. Dagleg leiar i NMF Trøndelag, Geir Ulseth er strålande fornøgd etter ei oppløftende avgjerd i Trondheim bystyre.

– Dette er ein strålande nyheit og ei stadfesting av Trondheim sin visjon om å vere landets beste kulturby for born og unge. Kommunen viser at dei set pris på korpsa og ser kor viktig korpsa er for livskvalitet, bulyst, skulemiljø og inkludering.

Gode instrument er viktig

Tanken er at fondet skal sørge for at fleire kan spele i korps. Skulekorpsa har to store utgiftspostar på drift; instrument og opplæring/instruksjon. Med god rekruttering til korps i byen er behovet for investeringar på utstyrsfronten stort.

– Eit nytt og godt instrument kan bety alt for vidare karriere innan musikken, seier Ulseth. Vi forventar kvalitet både på utstyr og opplæring. Det er ingen som spelar fotball på grusbane lenger, og ingen som spelar på gamle og utrangerte instrument. Når vi veit at ein tuba kostar 50.000 kroner, seier det seg sjølv at det er krevande å skaffe gode instrument til eit veksande korps.

Eit nytt og godt instrument kan bety alt for vidare karriere innan musikken

Etterslep på utstyrsfronten

Ulseth seier det har vore eit etterslep på fornying og investering av instrument. Kommunen løyvde kr 500.000,- til instrumentfond i det opphavelege budsjettet for 2016. I siste kommunestyremøte blei det altså foreslått ein auke på ein million kroner. Dermed er instrumentfondet for 2016 i Trondheim på 1,5 millionar kroner.

– Dette fondet er svært viktig for å kunne ta i mot nye musikantar, og ikkje minst stimulere også dei som alt er med, og som opplever eit fantastisk korpsmiljø frå innsida.

Dette seier Julie Instad Hole (Ap) til Adressa:

Vi har sagt at vi skal bli landets beste kulturby for barn og ungdom. 

– Vi har sagt at vi skal bli landets beste kulturby for barn og ungdom. Derfor er jeg så utrolig glad for at vi nå støtter korpsene våre her i byen med en million kroner ekstra til slik at de kan søke på tilskudd til instrumenter. Dette kommer på toppen av tidligere instrumenttilskudd og økning i driftstilskudd til korpsene, sier Julie Indstad Hole (Ap), nestleder i Kultur-, idretts- og friluftlivskomiteen.

Les i Adressa: En million kroner til instrumentfond for korps

Dei tre siste åra har Trondheim støtta skulemusikkorpsa i kommunen med både driftsstøtte og pengar til instrumentfond.

Les: Vidarefører instrumentfond