BrassWind har lenge vore ein festival med fokus på ny musikk for hovudsakeleg messing, slagverk og treblås. I år har festivalen tatt ei litt anna vending. Med ein fot i fortida og ein i samtida vil festivalen by på noko nytt, festleg og innovativt.

Pølser og «ompa»

Sjøforsvarets Musikkorps spelar opp til god gamaldags oktoberfest på fredagen. Det vert marsjar og feststemte tyrolertonar, akkompagnert av pølser og drikke i baren. Det ryktast om virtuose musikknummer og god stemning på scena.

 

BW2015 SFMK Christian Lindberg

Sjøforsvarets Musikkorps ved eit tidlegare høve, her med Christian Lindberg. Foto: Anne K. Morken

En audiovisuell reise i tid

Manger Musikklag har i år slått seg saman med videokunstnar Maria Øy Lojo. Laurdag vert det urframsyningar og tradisjonsrik musikk side om side, som vert forsterka av eit visuelt og dynamisk element. Lojo har brei erfaring med videoinstallasjonar og nyttar helst ukonvensjonelle flater for framsyning av kunsten sin. Dette vert ein annleis brassbandkonsert! Du kan også sjå fram til solist Erlend Vetås Aagaard-Nilsen, som også slepp sin første CD på årets festival! I tillegg får verket «Lignes» av Jan Erik Mikalsen ein velfortent urfremføring.

Om Manger meiner dei skal spele «tradisjonell» musikk, så kan de likevel ikkje konkurrere med Klang av Oldtid på det feltet. Her får vi sjå og høyre 3000 år gamle bronselurar, eller i alle fall kopiar av desse. Korleis musikken i bronsealderen var kan ingen seie heilt sikkert, men karane i Klang av Oldtid veit særs godt kva dei gjer, og lovar dykk ein stemningsfull konsert.

Ungdom, pensjonistar og hardingfele

Hordaland Ungdomskorps har tøyd strikken for konseptet med «Brass» og «Wind», og har lurt med seg Synnøve Bjørset på hardingfele. Dei skal halde ein tradisjonsrik konsert saman med Bergen Musik Corps, som deltek på BrassWind for fyrste gong. Medan Hordaland Ungdomskorps består av unge og lovande musikarar, er Bergen Musik Corps i andre enden, med ein vaksen besetning beståande av fleire profesjonelle musikarar, som no er pensjonert.

Sextett

Angedalen Brunns Sextett har fått æra av å runde av årets festival. Dei er ein gjeng musikarar frå Førde, som spelar gamal festmusikk på 100 år gamle instrument.

BrassWind blei arrangert for fyrste gong i 2004, slik at dette vert tolvte arrangement i rekkja. Festivalen er meint som ein arena der profesjonelle aktørar og amatørar kan møtast og spele i lag. Lenge har ny musikk for messing, treblås og slagverk vore det musikalske fokuset, men festivalen er alltid fleksibel og dynamisk kva gjeld ensembletypar og musikk. Om du ynskjer meir informasjon om årets festival og konsertar, søk opp BrassWind si side på facebook.

Vel møtt i Logen 18. og 19. september!