Sommarkursa i NMF regi framelskar musikkglede og er eit vakkert sommarkapittel i livet for mang ein musikant. Så moro og lærerikt er det at dei aller fleste ønskjer å kome tilbake neste sommar.

Deltakarrekord

Mange kurs har i sommar opplevd ein auke i talet deltakarar.

– Vi har rekord, med 425 deltakarar på kurs (368 i fjor). Auken er på gult og rødt, med rekordmange på gult (161 deltakarar), seier dagleg leiar i NMF Hedmark og Oppland Botolv Gjeldaker. Også gult kurs på Trøndertun på Melhus hadde rekord med 132 deltakarar.

Det er lenge til neste sommar! Deltakar på FB

I NMF Nordvest er dagleg leiar Ingrid Sofie Nygaard svært fornøgd med at dei har 75 fleire på kurs i år. I tillegg var Grått kurs fylt til randa der fleire måtte bu på hotell for å få med seg spelegleda på dagtid.

– Dessverre vart det ikkje drillkurs i regionen i år, men vi satsar sterkare på det til neste år, pluss at vi set opp drillkurs utover hausten i år.

Trøndelag arrangerte sommarkurs i drill i år.

Les: Får opplæring av verdmeister

Dette er ei artig og sosial veke med mykje hard trening. Drilltrenar Mathias

I år var det 366 musikantar på kurs i NMF Hordaland. Dette er 50 fleire deltakarar enn i fjor. I tillegg er det fleire korps som har eigne sommarkurs. Blant anna arrangerer Eikanger-Bjørsvik eit feriespel med rundt 70 musikantar.

I Sør har det vore stor auke på svart kurs. Dette kurset har dobla deltakartalet dei siste fire åra, frå 46 til 83 deltakarar i år. Totalt har det vore 314 deltakarar på kurs i Sør.

Dette er mitt 9. år på sommarkurs, og det er er berre så fantastisk! Helene, svart kurs, Sør.

NMF Øst er den største regionen i NMF og også dei har hatt ei solid auke i tal deltakarar frå i fjor (som var fyrste i ny region). Heile 637 deltakarar var påmeldt til årets kurs. Svart kurs var rekordstort her med 132 deltakarar.

Gjennomgangstemaet på avskjedsdagen: «Vi sees vel neste år?#

NMF Rogaland kan også vise til auke. I år hadde dei 437 deltakarar på kurs.

Kvalitet

Det blir satsa på gode og kvalifiserte instruktørar for å ha god kvalitet på opplæringa på alle kursa i NMF.

Dette har gitt meg mykje speleglede og musikalske utfordringar som eg har vakse på og tar med meg vidare i eige korps. Marianne, svart kurs, Sør

Les: Vår sommar: Helene og Marianne

– Eg har fått vore med på fire avslutningskonsertar som vitnar om grundig jobbing frå både lærarar og musikantar. Det viser ein fantastisk spele- og meistringsglede. Både musikantar og foreldre er veldig stolte av resultatet, seier dagleg leiar i NMF Sør Finn Arne Dahl Hanssen.

Etter å ha fått ein liten smakebit i kveld gledar eg meg STORT til morgondagens konsert. For ein gjeng !! Det osar av speleglede!!! Kommentar på FB.

Suksess med nytt konsept

Nytt av året i NMF Hordaland var Nasjonalt brassbandkurs som blei godt motteke og var representert med deltakarar frå heile landet.

– Dette vart ein suksess og vi er strålande fornøgd med årets sommarkurs, fortel dagleg leiar, Randi Kvinge.

Høgt nivå

– På alle dei gule kursa i Nordvest har nivået vore mykje høgare enn forventa, seier Nygaard.

– Tilbakemeldinga frå musikalske leiarar er at kursa er av dei beste som har vore, seier Gjeldaker i Hedmark/Oppland.

På Soltun Folkehøgskole i Evenskjer har Nina Bakke hatt ansvaret. Ho seier det har vore godt samarbeid og god dialog mellom musikalske leiarar og administrasjon.

– Det har vore to veldig hektiske, men enormt gjevande veker. Eg sit igjen med mange positive inntrykk og mange gode idéar som skal jobbast vidare med fram mot neste års sommarkurs.

Les: Sju frå Russland på kurs

Motivasjon før sesongstart

Sommarkursa gir ein god  start på korpssesongen. Musikantane er inspirerte, motiverte og entusiastiske etter kursopphaldet.

– Dette er kjempeviktig! Dei dannar eit grunnlag og ungdomane kjem tilbake til korpset sitt med mykje inspirasjon og spelelyst framfor haustsesongen, fortel Anne Guri Frøystein i NMF Nord-Norge. Ho har ansvar for kursa på Vefsn Folkehøgskole i Mosjøen. Også der var det stappfulle hus. (felles blått og svart kurs)

Her får eg ein kickstart på sesongen. Nina på kurs i Nordland

– Eg trur sommarkursa gjer musikantane stolte og dei møter likesinna. Eit godt eksempel er Fredrik som stolt stilte opp på kaia då NRK-sommarbåten kom til Mandal. Han hadde på seg sommarkurs-t-skjorta full av signaturar frå nye kjenningar frå sommarkurs i Seljord, seier Dahl Hanssen i Sør.

For mange av kursdeltakarane er sommarkurset årets musikalske høgdepunkt. I tillegg blir det skapt relasjonar på tvers av kommunar og korps. Deltakarane på sommarkurs blir presentert for eit anna repertoar enn det dei møter i eige korps, her får dei tett oppfølging, lærer å jobbe grundig og opplever at øving gir resultat.

– Korpsa får heilt klart eit løft når dei har hatt musikantar på kurs, seier Kvinge i Hordaland.

Les: Populært på sommarkurs

Takk for eit kjempeflott tilbod til dagens korpsmusikarar, mor på FB.

Les: Nytt konsept på gult kurs (Rogaland)

Les: Svarte sommarkurs for dei eldste

Vil du sjå bilde frå sommarkursa, kan du klikke deg inn på FB-sidene til regionane.