Det seier Eirik Hannevik, (tuba) ein av tre musikarar som er plukka ut til European Youth Brass Band (EYBB) 2016 i Lille i Frankrike. I fjor deltok han med skulekorpset sitt Søreide og Sandsli skolekorps (no Ytrebygda skolekoprs) i EM development section I Freiburg, Tyskland.

– Då eg fekk høyre den flotte musikken bestemte eg meg for å søke om plass i år.

– Kva er forventningane til EYBB? 

– Eg har høyrt mykje positivt frå tidlegare deltakarar og vel å tru på det som er sagt og reknar med det blir veldig gøy. Eg trur dette blir ein fin overgang for meg mellom skulekorps og dei verkeleg gode vaksenkorpsa. Eg gler meg til å sjå nivået og ta til meg så mykje eg kan frå dirigent og andre deltakarar.

Dei to andre i EYBB frå Norge er Mina Kristine Ravndal, basstrombone, og Erlend Henden, kornett. Norge får kvart år sende tre musikarar. European Youth Brass Band består av ca 40 musikarar frå heile Europa og møtast kvart år i samband med EM brass. Desse har spelt seg saman heile denne veka før EM brass og spelte opningskonserten i dag, fredag. Bandet blir drive av European Brass Band Association, EBBA.

Eg veit at det blir mykje speling, så det er viktig at ambisen min er der den skal, Eirik

Fleire nordmenn med

Reid Gilje frå Norge er dommar på EM brass sitt sjølvvalde nummer. Det er lukka dømming i EM og publikum får difor ikkje vite kven som skal spel kva for eit stykke.  Sjå kven dei andre dommarane er. 

Norsk konferansier

Stein Skorpholm frå Norge skal vere konferansier under EM. Dette skriv han på Facebooksida si:

– Forberedt, klar og gleder meg til Europamesterskapet for Brass Band i Lille, Frankrike. Gleder meg til å høre musikk i verdensklasse og treffe mange kjente! Dette blir gøy!

To med i solistkonkurransen

To frå Norge var med i solistkonkurransen som vart avslutta i går. Dei to, Knut Elias Barstad, tuba og Håvard Våge, trombone nådde ikkje heilt til topps. Vinnar vart Jérémy Coquoz (20) på kornett frå Sveits.

Blir streama

Pliktnummeret i EM fredag og det sjølvvalde stykket laurdag blir streama.

Les: Kul musikk frå seriøse musikantar
Les: Stavanger Brass Band vil til topps
Les: Forberedelse til EM brass
Portrett: Sindre Skjøld i SBB