Eikanger-Bjørsvik Musikklag er eit brassband frå Lindås kommune i Nordhordland. I dette området er det like vanleg å spela i korps som å spela fotball.
Det kryr av korps – både skulekorps og vaksenkorps.

I dette miljøet er Eikanger-Bjørsvik ein av spydspissane, og dei som følgde med på NRK-serien «Korpsfiksert», frå 2013 – hugsar kanskje at denne gjengen var langt over gjennomsnittleg interessert i korpset sitt.

Og det er ikkje noko rart: å spele i korps er verdas beste hobby!

Å spele saman i korps er ein aktivitet, som byggjer samhald og venskap på tvers av aldersgrenser, kjønn og kulturell bakgrunn. Speling i korps er med på å auke både sjølvstende, samarbeidsevne og evna til å ta ansvar. I eit slikt fellesskap får du til større ting enn du kunne klart på eigenhand.

Eikanger-Bjørsvik er eit av verdas beste brassband, men det hadde dei ikkje kunne vera dersom dei ikkje hadde tatt vare på skulekorpsa. Dei siste ti-åra har korpset difor lagt ned utallige dugnadstimar for å bidra til løfte denne flotte tradisjonen.

Korpsmiljøet i Noreg er stort – og særleg i distrikta er skulekorpsa eit viktig bindeledd i lokalmiljøet. Dei foreiner born og unge, foreldre og besteforeldre – og ynskjer tilflyttarar velkomen. For mange bygder i Noreg er det to ting som heldt liv i lokalsamfunnet: fabrikken og musikken.

Det aller kjekkaste Eikanger-Bjørsvik veit, er å få framføra musikken sin for eit interessert publikum. Me gler oss til konserten, og håpar du har lyst å komme!