Tolv av kornett-gruppa i skulekorpset vart spurt om å spele saman med det franske bandet. Wilkins fortel at dei gler seg storleg til dette. Mange av dei andre i skulekorpset er litt misunnelege.

Pugga fransk

– Det er stort å få spele med eit så utruleg bra korps. Nokre av musikantane trur kanskje dei kan få praktisert litt av fransken sin som ei har hatt på skulen. Eg veit at nokon har pugga fraser på fransk, som f.eks «Mitt namn er…». Andre er litt urolege for at dei ikkje skal forstå noko om dei franske musikantane spør dei om noko, eller at dei ikkje skal forstå instruksjonane frå dirigenten.

Øvd mykje

Søreide og Sandsli skolekorps vart norgesmeistrar i NM skulekorps brass i 2014. Bak den sigeren ligg mykje øving og før festkonserten i Grieghallen har dei også øvd både som gruppe og kvar for seg. Stykket dei skal framføre er «The Irish Blessing». Nokon kjenner stykket frå før, medan andre har øvd det inn på nytt.

Kva er hovudutfordringane for dei unge som skal møte erfarne musikantar som PBB?

– Hovudutfordringane denne gongen er at musikantane ikkje veit så mykje. Dei veit ikkje kva som blir forventa av dei. Skal dei sitte innimellom musikarane i PBB, stå framme på scena eller skal dei sitte på scena under heile konserten?

Det er også knytt spenning til om musikantane vil forstå instruksjonane som blir gitt. Men ein vaksen er med under arrangementet. Vedkomande spelar sjølv og kjenner Grieghallen. Dessutan reknar dei med at kommunikasjonen vil foregå på engelsk.

Mykje av dette vil dei få svar på når dei skal gjere finpussen saman med PBB.

Kva betyr det for musikantane å få denne utfordringa?

– Det var ei stor ære å bli spurt om å få bli med. Det å vise fram musikantane frå Søreide og Sandsli på eit så stort arrangement er heilt fantastisk. Sjølvsagt er det litt synd at ikkje heile korpset kan vere med, men det dei som er valt ut er gode representantar for korpset.

Ein draum for mange

– Å få spele i ein fullsett Grieghall framfor så mange korpsinteresserte og flinke menneske i god stemning, er ein draum for kven som helst, seier Wilkins.

– Og når vi i tillegg får spele med eit av verdas beste brassband, og attpåtil blir overført på TV2 Sumo som gjer det mulig å sjå seg sjølv på TV etterpå, så er det nærast ubeskriveleg, avsluttar han.