Marit Karlsen

Marit Amundsen Karlsen er leiar for Skien Skolemusikk og har vore med å lagt grunnlaget for eit korps som er i vekst, der musikantane trivst og foreldre og støttespelarar kjenner seg velkomne. Karlsen legg til rette for at korpset skal skine. Musikantane og korpset står i sentrum. Ho jobbar for eit godt samhald som gjev eit godt korps og har god evne til å mobilisere foreldre og støttespelarar.

– Marit legg rammene som gjer at vi andre kan få vere med å bidra, ho fiksar systema som gjer oss trygge på at alt er tatt hand om, og ho har engasjement og glede som gjer at vi som foreldre opplever korpset som ein fantastisk arena for borna våre, heiter det i tilrådinga.

Korpsleiaren samarbeider godt med dirigentane og legg til rette for at dei skal kunne jobbe med det musikalske. Ho er opptatt av kvalitet og har eit varmt hjarte for alle og lagar liv og røre rundt seg med sprudlande latter og godt humør.

– Ho er positiv, uhøgtideleg, varm, strukturert, engasjert, inkluderande, ryddig, morosam og ho er vår fantastiske leiar, skriv dei.

Ho er streng når ho må, men alltid på ein god måte. Ho er engasjert, tydeleg og rettferdig.

Trond Hodne

Trond Hodne  er ein ekte korpsar, med tre brødre og far som speler i korps. I Tu skulekorps gjekk han tidleg under namnet «Kronprinsen», som fyrste i arverekkefølgja.

Hodne er leiar for dei 50 medlemmene i korpset. Korpset held på musikantane og har dei siste åra hatt god musikalsk utvikling og kan vise til gode plasseringar både i NM, RM og Stavanger Open. Korpset rekrutterer til vaksenkorps.

Trond har leiarerfaring, inspirerer andre ved å skryte av dei, er løysingsorientert, fleksibel og ein samlande person og får folk i bygda til å stille opp og jobbe saman. Han er ein god planleggar og er nøyaktig. Han får fram dei beste eigenskapane til reste av styret. Tu skulekorps er Jærens leiande skulekorps i marsjering og Trond har vore ein viktig person i suksesshistoria rundt Tu Skulekorps.

Torstein Røed

Torstein Røed er leiar i Varden skoles musikkorps og lever og andar for skulekorpset. Han tok over leiarjobben då korpset var nede i ein bølgedal, med få medlemmer og dårleg økonomi. Dei siste åra har Varden hatt ei skikkeleg musikalsk blomstring med god rekruttering frå fleire av skulane i Fyllingsdalen og flotte resultat i Hordablæsten.

Torstein er ein dyktig leiar med solid musikkfagleg innsikt. Han har fått god økonomi i korpset og trør gjerne til som hjelpeinstruktør dersom nokon i korpset synst eit stykke er komplisert.

I kraft av å vere leiar i Varden er han engasjert i bydelen sitt kulturråd. Der har han vore pådrivar for nytt kulturhus som også kan kome skulekorpset og amatørkorpsa til gode. Han er ein engasjert mann og skriv ofte kronikkar i avisene. Han kan karakteriserast som eit overskotsmenneske med mange jern i elden som kjem nærmiljøet og borna i korpset til gode.

Han er alltid tilgjengeleg, motiverer, reparerer og leier styret med stødig hand.

Sjekk kven som skal vere med på Born to play-konserten 14. november. Bli med du og!