Dag Helle Bysting

Dag Helle Bysting er dirigent for Byåsen skolemusikkorps. Det har han vore sidan 2007 og har hatt mange roller i korpset. Alt frå musikant, instruktør, dirigent for aspirantkorpset, far til to spelande musikantar og til i dag hovud-dirigent/musikalsk leiar. Dag set den enkelte musikant i fokus, ser alle og legg til rette for at musikantane skal vere medverkande til det som skjer i korpset. Musikantar får bl.a dirigere korpset, vere øvingsassistent i junior- og aspirantkorps og delta i repertoarval og konsertplanlegging. Han har jamnlege møter med dei tillitsvalde i korpset og brukar dei aktivt i bygging av eit godt sosialt miljø. Her skal alle trivast og han finn tid til samtalar og gode løysingar på utfordringar.

Bysting er framtidsretta og ligg eit par år fram i tid når det gjeld å planlegge. Dag lever og ånder for rolla som dirigent. Han har også vore del i Dirigentnettverket for skulekorpsdirigentar 2013 – 2015, og blir mykje brukt som forelesar.

Som lærar har Bysting god kontakt med skuleadministrasjonane på Byåsen skole og er korpsets kontaktperson til skulen og kulturskulen. Han har dirigert Steindal skolekorps i 12,5 år og vore med å bygd korpset frå eit reint juniorkorps til eit 1. divisjon skolekorps.

Byåsen skolemusikkorps tok grep i 2011 fordi konkurransen mot andre aktivitetar blei stor. Då var Bysting aktiv i profilering av korpset mot elevar i skulen. Konsertane vart meir proffe med tanke på lyssetting og regi. Resultat: firedobla talet aspirantar og tangerte talet året etter.

Musikalsk satsing er definitivt eit av korpset sine suksessfaktorar.

Idar Torskangerpoll

Idar Torskangerpoll har vore mangeårig dirigent for Sofiemyr skolekorps. Korpset har mange gode resultat å vise til. Korpset er det mestvinnande skulekorpset i NM-historia med 7 sigrar – i tillegg til fleire 2. og 3. plassar.

Torskangerpoll har gjennom 16 år arbeidd hardt og systematisk for å skape trivsel og eit godt sosialt miljø gjennom musikalsk mestring og speleglede. Han ser kvar enkelt musikant og på grunn av hans inspirerande musikalske leiarskap har heile 13 musikantar frå korpset valt å ta musikkutdanning. (Blant andre Tine Thing Helset). Korpset har under Idar «levert» musikantar til HMK Garden jamt og trutt.

Dirigenten har også bidrege til å flytte grensene for vanskegraden på musikkstykke framført på høgt nivå.

I tillegg til å vere dirigent for Sofiemyr, er Torskangerpoll også kjent i heile korps-Norge som komponist og arrangør. Han har gitt ut 250 komposisjonar og arrangement for korps. Mykje er skrive for skulekorps og spesielt viktig har det vore musikk for dei yngste musikantane.

Han er kreativ, nyskapande og er grunnleggar av etablering av Korpsskolen, opplæringstilbod til dei yngste i nært samarbeid med SFO, samt drive fram rekrutteringsprosjekt i nærområdet som igjen har ført til stabilitet i medlemstalet i korpset over ein lenger periode.

Han har også delteke i NMFs Dirigentnettverk og vore musikalsk leiar på mange sommarkurs.

Merethe Underhaug

Merethe Underhaug er dirigent for Skjold skoles musikkorps. Ho har bidrege med å utvikle korpset på ein fantastisk måte. Etter at ho kom inn som dirigent har korpset med 43 medlemmer i hovudkorpset klatra oppover og blitt betre musikalsk.

Underhaug er svært dyktig til å finne musikk som alle i korpset likar, både når det gjeld NM-stykke og gjennomføring av mindre konsertar. Underhaug har også ansvar for aspirantane i korpset, ho er kulturskulelærar og spelar altsaksofon i Dragefjellets musikkorps.

Underhaug er engasjert i korpset og gir 110 prosent også når dei yngste skal leike kule leikar. Ho er inspirerande og ein dirigent som både gir støtte, utfordringar og som også kan gje «pepp-talks» på same tid.