Publisert 29/03/2016 - Oppdatert 22/08/2016 Forfatter: Håkon Mogstad

Forkurs -nytt tilbod på Dirigentuka 2016

Frå 2016 tilbyr Dirigentuka alle deltakarane eit forkurs over to dagar. Det skjer laurdag 6. og søndag 7. august. Dette kan kombinerast med alle andre kurs, men ikkje ungdomskurset som går parallelt.

Det har kome ønskje om å kunne lære meir grunnleggande dirigering, eller berre friske opp kunnskapane sine i direksjon. Difor tilbyr Dirigentuka 2016 eit to-dagars forkurs. I forkurset blir det ekstra fokus på grunnleggande teknikkar som analyse og partiturlesing, dirigenttenknikk og prøveteknikk. Det blir også noko gjenoppfrisking av grunnleggande musikkteori.

Påmeldingane til Dirigentuka 2016, både ungdomskurset og forkurset er godt igang, men enno er det plass til fleire.

Frist for påmelding er 1. mai. 

Visst du ønskjer å delta på forkurset vel du dette i påmeldingsskjemaet vårt under Dirigentuka 2016. Deltakaravgifta er den same uansett om du vel forkurs eller ikkje.

Instruktørar kjem år etter år

Dirigentuka i Stavanger er Norges største dirigentkurs og ein møteplass for heile spekteret av norske dirigentar, frå nybegynner til maestro. Det er ein arena der korpsdirigentar får jobbe tett på nokre av Norges største dirigentnamn.

For fjerde år på rad kjem Bjarte Engeset til Dirgientuka.

Bjarte Engeset er ein nestor blant norske dirigentar og er ein fantastisk pedagog.

Bjørn Sagstad
er også ein av lærarane i år. Sagstad har jobba med fleire av dei nordiske symfoniorkestra og dei fleste profesjonelle militærkorpsa i Norge og Sverige.

Peter Ettrup Larsen frå Danmark er med for tredje år på rad.

Elles stiller:
Trond Korsgård – ein fantastisk dirigentpedagog og ein svært erfaren dirigent. Trond har vore med på Dirigentuka kvart år til no.

Birgitte Grong – Norges leiande ekspert på nybegynner opplæring i korps. Leiar aspirantkorpsdirigentkurset.

Harald Eikaas – musikksjef i NMF, tidligare dirigentlærar ved Griegakademiet, veldig kunnskapsrik. Harald gjestar Dirigentuka for andre gong.

Morten Wensberg – Dirigentukas grunnleggar og primus motor. Leiar for korpsdirigentstudia ved Universitetet i Stavanger

 

Loading