Det skjer mykje forskjellig når fleire tusen born og unge samlast til NM skolekorps og NM korpsdrill-konkurransar i Stavanger og Larvik i helga. Du har nok med deg ein mobil eller eit kamera. Knips eit bilde frå musikkorpset ditt, frå scena, konsentrerte drillarar, i kulissane, eller der det måtte dukke opp eit motiv.

Merke bilde du tar med #korpsknips eller #drillknips så er du med i konkurransen om eit gåvekort frå Yamaha eller eit gåvekort frå Drillbutikken.

Det blir plukka ut tre finalistar for #drillknips og tre finalistar for #korpsknips. Kven som vinn blir avgjort gjennom ein ny runde på Instagram. Den som får flest «likes» av finalistane, går av med sigeren.

Så her er det berre å finne fram mobilen eller kameraet og sjå etter motiv som kan passe under emneknaggane #drillknips og #korpsknips.

Husk at den du tar bilde av skal godta at du legg det ut på Instagram!

Lykke til!