NMFs svarte sommarkurs er for ungdom mellom 16 og 19 år. Som tidlegare år har det vore stor kursaktivitet på Toneheim folkehøgskole. NMF Hedmark og Opplands har gjort unna grønt, gult (kurs 1), rødt og blått sommarkurs.

Musikk bind saman

Sist veke var 85 ungdomar på svart kurs for å lære meir musikk og vere sosiale. Detakarane er hovudsakleg frå Hedmark og Oppland, men nokre har reist frå Oslo og Akershus for å delta. Og tre av dei kjem frå Oman. Dei tre er Samiya Sulaiman Mohammed Al-Hattali (25)- slagverk, Enad Salim Khalfan Albattashi (22) – walthorn og Naeema Shannan Hussain Al Baluhi (25) – fløyte.

Enad Salim Khalfan Albattashi spelar solo på walthorn. Foto: Dag Otto Jostad.

Enad Salim Khalfan Albattashi spelar solo på walthorn. Foto: Dag Otto Jostad.

Messinglærar frå Norge

Lasse Tronstad har vore ein av instruktørane på kurset, og det er takka vere han at dei tre musikarane på fløyte, tromme og walthorn, deltek frå orkesteret «hans», Royal Oman Symphony Orchestra.

Med eit eksotisk innslag frå Midt-Austen har dei knytt kontaktar kulturar i mellom.

Samspel på svart kurs i Hedmark/Oppland. Foto: Dag Otto Jostad.

Samspel på svart kurs i Hedmark/Oppland. Foto: Dag Otto Jostad.

Dyktige ungdomar

– Her er god stemning og mykje flott og dyktig ungdom. Mange er seriøse og vil gå vidare med musikk. Så det er mykje øving på kveldstid, seier administrativ leiar for kursa på Toneheim, Dag Otto Jostad.

Avslutningskonsert for svart kurs var i Vang kyrkje, søndag.  Konserten gjekk veldig bra og ungdomane fekk mykje skryt frå foreldre.

Denne veka er NMF Hedmark og Oppland i gang med det siste gule kurset som blir avslutta torsdag. I underkant av 70 born er i gang no.

Det er kursaktivet i alle NMFs regionar. Vil du sjå bilde og få eit lite innblikk i aktiviteten, sjå Facebooksidene:

NMF Øst
NMF Rogaland
NMF Nordvest
NMF Hordaland
NMF Hedmark og Oppland
NMF Sør
NMF Trøndelag
NMF Nord-Norge

Mange flotte bilde og videoar #allesnakkerkorps