Louise Nitter Røsland skal framføre stykket «Solo de Concours» skrive av Henri Rabaud. Dette vart skrive i 1901 for konservatoriet i Paris, for bruk til eksamen og konkurransar.

Frå Åsane Janitsjar til HUK

Nitter Røsland starta korpskarriera si i Åsane Janitsjar i Bergen. Det siste halve året har ho hatt permisjon derfrå. Etter nyttår begynner ho i Hordaland Ungdomskorps (HUK). Ho gler seg til både HUK og BTP-konserten i Hamar Kulturhus laurdag.

– Ja, Eg kjenner sjølvsagt litt på nervane i forkant. For å slappe litt meir av prøver eg å seie til meg sjølv at uansett korleis det går, har jeg gjort mitt beste både med øving og innsats. Eg ser fram til å kose meg med musikken og forhåpentlegvis formidle ei musikalsk historie.

Gir inspirasjon å ha eit mål

14-åringen øver ekstra mykje framfor ein konsert. Det er ekstra inspirerande å øve når ho har eit mål å øve mot.

– Det er utruleg flott å få slike sjansar som dette. Eg utviklar meg heilt klart betre av slike opplevingar. Det påverkar både øvinga, gir inspirasjon og erfaring, seier ho.

– Kva gir det deg å kunne spele eit instrument?

– Å få lov å formidle fantastisk musikk til menneske. Eg elskar å spele klarinett, og eg håpar eg vil fortsetje med det resten av livet.

I tillegg til «Årets talent» skal fem andre prisar delast ut på konserten. Dette er dei andre nominerte finalistane.