John Einar Halvorsrød, musikar, dirigent og kulturskolekonsulent, no rektor ved kulturskulen i Fredrikstad og korpsbyggar i Norges Musikkorps Forbund, Per Einar Fon set dagsorden med å sjå på prosessar og samarbeid, samt definerer kva som er korpsa sine behov. Dei vil snakke om korleis korps kan skrive avtalar, utvikle dei og følgje opp avtalar. Eit anna tema er «Ingen musikalsk suksess utan god korpsleiing! Kven leier kven?»

Samspel er viktig

Grethe Helle Rasmussen underviser i Musikkpedagogisk teori og Generell musikkdidaktikk ved Barrat Due. Ho tar for seg samspelet mellom styret, foreldre, korps, kulturskule og grunnskulen.

Korpsdrift – eit godt verkty

For korpsstyra er det viktig å ha kjennskap til NMFs korpsdriftsystem. Erlend Veland Thorsen og Odd Petter Saltnes i NMF vil ta korpsleiarane med på ei reise i korpsdrift frå A til Å.

Skal bli betre

Målet med korpsleiarsymposiet er at deltakarane skal bli betre å møte utfordringar i eige korps, leie og administrere, samt få kunnskap og metodar for samhandling mellom korps/kulturskule/grunnskule.

– Eit sentralt tema er oppbygging og organisering av opplæringsplanar, og bygge gode samarbeidsavtalar mellom partane. Møteplassar, planlegging og dialog står sentralt, samt å involvere foredregruppa, seier prosjektleiar Geir Ulseth.

Frist for påmelding: 15. desember
Korpsleiarsymposium 13. – 15. januar 2017 – Programmet