Resultatliste – NM janitsjar 2017 

Årets norgesmester Lillestrøm Musikklag mottar kongepokal og er kvalifisert for EM janitsjar 2018 i Brussel. Sist Lillestrøm Musikkorps vart norgesmeister var i 2014. Dei to siste åra er det Christiania Blåseensemble som har stått øvst på trona og som i år spelte seg til ein tredjeplass.

Debutant i eliten, Mo Hornmusikk nådde målet sitt om å halde seg i divisjonen.

1. divisjon

Fyrste divisjon vart vunne av Strusshamn Musikkforening frå Hordaland med 96 poeng, med Kolbu Janitsjar eitt poeng bak. Tredjeplassen tok Stavanger Musikkorps av 1919 med 94 poeng.

2. divisjon

I 2. divisjon gjekk debutanten Bjergsted Blåseensemble frå Stavanger av med sigeren med 96 poeng.

3. divisjon

3. divisjon vann Asker Musikkorps frå Akershus med 96 poeng.

4. divisjon

I 4. divisjon gjekk Fet Janitsjar (Akershus) til topps med 92 poeng.

5. divisjon

5. divisjon vart vunne av Kongsberg Byorkester med 93 poeng.

6. divisjon

Vålerenga Janitsjarkorps vann 6. divisjon og fekk 91 poeng.

7. divisjon

7. og siste divisjon vart vunne av Hønefoss Ungdomskorps med 98 poeng.

Bilde frå konkurransen og frå premieutdelinga i Dropbox:

Gjennomføringsmodell NM janitsjar 2018.

Sjekk resultatlista for solist og gruppeprisar.

NM janitsjar er ein stor musikalsk fest. Det har vore eit yrande folkeliv av glade og spente musikarar frå 120 korps frå nesten heile landet i Trondheim i helga. Heile 5500 i talet.

#allesnakkerkorps #nmjan