Vi har snart bak oss eit hektisk korpsår, der musikalske høgdepunkt har stått i kø. Vi har helst mange nye musikantar velkomne til NMF, og her hos oss i Bergen har vi nett gjennomført årets siste forbundsstyremøte. Eit møte der sakene tyder på at også 2015 har vore eit vellukka år, og at vi kan sjå lyst på året som kjem.

Også 2016 vert eit aktivt år. Ikkje før har vi runda årsskiftet så står nye, store arrangement for tur; konsertar, konferansar, store NM-arrangement og internasjonale meisterskap – både innan musikk og drill.

Og apropos framtida; vi er allereie godt i gang med planlegginga og markeringa av 100-årsjubileet i 2018. Vi håpar difor at mange kanskje kan nytta nokre rolege juledagar til å leita fram stoff til KORPSIPEDIA. Her kan alle korpsa leggja historia si, og andre gode minne, ut på eiga internettside. Samla kan dette bli ein kjempeflott dokumentasjon av den fantastiske hobbyen vår, og av NMF som organisasjon.

Denne hobbyen er det mange som har stor glede av, år etter år . Dette er mogeleg på grunn av fantastisk innsats av svært mange, ikkje minst dei frivillige i ulike støtteroller! På vegne av oss i NMF, både regionalt og nasjonalt, vil eg nytta høvet til å takka alle som gjer ein innsats for at vi stadig kjem nærare at ALLE SNAKKAR KORPS!

Vi er inne i ei tid med ei rekkje julekonsertar som gjev oppleving av og syn for  NMF sine grunnleggjande verdiar:  «engasjert, inkluderande og inspirerande».  La oss også ta desse verdiane med oss inn i julefeiringa.

Vi ynskjer kvar og ein ei fin adventstid og ei god og fredfull julehøgtid!