"I love korps"-brosjyra i nytt format
Etter spørsmål frå korps har vi gjort nokre små endringar i «I love korps»-brosjyra som er til dei foresatte. No kan korpsa sjølve legge inn kontaktinfo på baksida av brosjyra, for at den skal kunne brukast i korpset sin rekrutteringskampanje.
No kan den som har ansvar i korpset laste ned word-dokumentet av brosjyra og skrive inn eigen informasjon og kontaktinfo til korpset før informasjon går ut. Som eit eksempel er det no mulig å skrive: «Velkommen til informasjonsmøte og instrumentprøving i ditt skulekorps + tid, stad og kontaktinfo, og eventuelt andre ting som måtte vere viktig for ditt lokale korps.
Word-dokumentet du kan skrive i, ligg med tittelen: «Iheartkorps – folder foresatte – korpsets eigen informasjon»
Her finn du alt materiellet til rekrutteringsprosessen.
Lykke til med rekrutteringa!