Alle ynskjer å verta inkludert, og alle ynskjer å inkludere. Det trur eg gjeld det absolutt store fleirtalet her i landet. I særleg grad vil det vere tilfelle i korpsrørsla. Vårt eksistensgrunnlag er trass alt at gutar og jenter i alle aldrar speler og jobber saman! Vi veit korleis det å jobbe saman, lære saman, kjenne på den gode opplevinga saman, ta i mot applaus saman, gjev oss den gode kjensla av å vere akkurat det – saman. Ikkje utanfor, men saman.

Kvifor er det då slik at NMF ser nytten av å få midlar frå regjeringa til å utvikle metodar for å inkludere fleire? Inkludere fleire frå familiar som lever under vedvarande lavinntekt? Er vi ikkje for alle likevel? Og kven er desse som lever under vedvarande lavinntekt? Desse personane er nemleg ganske mange familiar utover landet som er heilt avhengige av sosial stønad for å få endane til å møtast. I desse familiane er det vanleg at borna ikkje kan ta del i korpsaktivitet grunna at den økonomiske terskelen er for høg. Anten seier føresette nei, eller så vel borna seg sjølve ut for at det ikkje skal verta kjend at familien har dårleg råd. Det er også born og unge frå familiar som har fått opphald i Noreg, men som ikkje enno har den same økonomiske tryggleiken som mange tradisjonelt sett norske familiar har. Inkludering dreier seg også om å forstå kulturar, sjå ulikskapane kulturar mellom, og om faktisk å kunne syne og forklare eigen kultur slik at andre kan få eit reelt innsyn i kva og kven vi er.

Mor mi var frå Los Angeles, men flytta til ein liten gard på Eikanger då hennar besteforeldre ikkje kunne drive den vidare. Dette var tidleg på femtitalet. Ein fin vårdag gjekk ho seg ein tur i retning av skulehuset i bygda. Brått såg eit folketog koma marsjerande, dei bar raude flagg, song songar og ropa slagord. Vettskremd sprang ho heim, storma inn i stova til foreldra sine og ropte: «Mummy, mummy, the Russians are coming!»

Slik var ho opplært i LA, at om ikkje vi var tydelege og verna om vårt levesett, så ville russarane invadere. Lite visste ho at 1. mai er ein viktig dag for landets velferd og oppbygging. Ho lærde sjølvsagt raskt at friviljug arbeid i korps, foreiningar og politiske rørsler byggjer landet, frå det lokale til det nasjonale.

Det veit alle vi som er engasjerte, men maktar vi å kommunisere dette til andre? Speglar kvart skulekorps i Noreg den skulekrinsen dei representerer? Konstaterer vi berre med harme at mange foreldre, av alle tenkelege opphav, ikkje vil engasjere seg i korpsdrifta, men heller vil ha borna i ein aktivitet der alt heller kan betalast for (eller betala seg vekk frå plikter?) Vi som har opplevd sjølve, og sett så mange andre tileigna seg ferdigheiter innan skulearbeid, sosial omgang, læringsteknikkar, det å opptre/presentere noko, formidling, lagspel på alle nivå, representere noko med stoltheit, evnar vi å forklare kor viktig dette er? Kva drivkraft vi bør ha for at nye generasjonar skal få denne særs gode ballasten med seg i livet? Korleis dette er med på å byggja ned ulikskapar og egofiksering, med alle dei negative følgjene desse har? Korleis eit engasjement i korps byggjer samfunnsborgarar av unge musikantar og videreutviklar vaksne til enno betre utgåver av det same?

Nei, eg trur ikkje vi har vore gode nok til alt dette. Skulekorpsa speglar ikkje elevmassane av i dag, vaksenkorpsa er ikkje flinke nok til å fornya seg sjølve. Korpsa har vore alt for konservative når det gjeld musikkval, slik at få kjenner seg igjen i det som vert spelt i korpsa, vore altfor opptekne med å senda signal om at «Korps i Noreg er slik, og slik må alle vera dersom de vil vere med».

Kanskje bør vi sjå på det heile med motsatt utgangspunkt? Er det korpsrørsla som må integrerast i det oppdaterte Noreg?

Inkluderingsagent i NMF/Hordaland, Viggo Bjørge.