Kulturskulerektor Tina Herrgårdh planla ein studiedag for alle lærarane på musikk og kulturskulen i regionen (Østergøtland) og var på jakt etter nokon som kunne inspirere korpsleiarane. Eit tips frå svenske Karin Regstad (som jobbar i Asker kommune) førte til kontakt med NMF og blant anna prosjektet PULSE?

– Når dei fortalde om samarbeidsprosjektet med Sør-Afrika og at dei jobbar mykje med inkludering, var det rett for oss. Vi har same problemstillingar i Sverige som i Norge, seier Herrgårdh.

Musikk eit middel til inkludering

– Kvifor meiner du dette er viktig?

– Skal våre nye landsmenn bli integrert er musikk eit utmerka middel å bruke. Vi må berre møte dei på rett vis, seier Tina.

For teamet frå NMF er problemstillinga svært viktig.

– Vi får synleggjort det vi jobbar med, samt å belyse at korpsundervising kan løysast på mange gode måtar. Å utveksle erfaring er verdifullt i seg sjølv, seier Katja Furnes.

Ho er prosjektleiar for inkluderingsagentprogrammet i NMF. I NMF Øst som PULSE team-Oslo høyrer til er målet å nå språkleg minioritetar med fokus på barn og unge som lever under vedvarende lavinntekt. Tal frå SSB viser at den største delen av desse er språklege minoritetar.

PULSE-teamet på veg til Sverige. Thulani Maluleka, Sihle Mabena, Sizwe Nkosi og Katja Furnes. Foto: Selfie

PULSE-teamet på veg til Sverige. Thulani Maluleka, Sihle Mabena, Sizwe Nkosi og Katja Furnes. Foto: Selfie

Det var fleire av lærarane i Sverige som hadde kjennskap til NMF og Norge, og nokre hadde også høyrt om Band Crossing Borders (Tidlegare utvekslingsprosjekt med Sør-Afrika i regi av Fredskorpset/Field Band/NMF).

– Eg tenker at det viser at avstanden til Sverige er kort. Vi deler like utfordringar og lever ganske likt, så det er verdifullt at vi kan dele. Saman kan vi gjere verda litt mindre, som Fredskorpset ville ha sagt, seier Katja.

Musikk og helse

Teamet frå Oslo formidla linken mellom musikk og helse, med særleg fokus på sosial helse.

– Vi har eit samfunnsansvar. Legitimering av musikk som middel for å gjere livet litt betre for menneske er viktig, seier Katja.

– Vi viste ein måte å gjere det på, gjennom aktivitetar og vi spelte saman på instrument. Dessutan synest eg der er fint å kunne vise det vi jobbar med, som er basert på fakta frå undersøkingar vi har gjort den siste tida. (Ein rapport er under arbeid)

Team Oslo med lærarane

Inspirert og engasjert

Lærarane og kulturskulerektoren i Sverige vart veldig inspirert av besøket.

– Vi har fått god inspirasjon til å arbeide med gehørbasert speling og gjere øvingar frå «aktivitetsbiblioteket». Det med å blande speling, song og rørsle er noko vi burde gjere meir av, seier Tina.

– Kva vil de bruke kunnskapen til?

– Vi må tenke nytt i dei korpsa vi alt har, få musikantane til å bli verande og vi har fått tips om verktøy og metodar til hjelp i inkludering. Med tanke på kor mange som søker tilflukt i Sverige, så vil dei fleste bli berørt på ein eller annan måte, avsluttar Tina.

Team Oslo har skrive blogg om besøket: Pulsestrongertogether

Sihle instruerer slagverkslærarane. Foto: Katja Furnes/NMF.

Sihle instruerer slagverkslærarane. Foto: Katja Furnes/NMF.