– Eg hadde store forventningar til mine eigne prestasjonar før dette VM. Eg har lagt ned veldig mykje trening både heime og i Japan, berre for denne veka i Italia.

Mathias Langseth Eliassen kom til VM-finalen i både drilldans, 1 baton og 2 baton.

– I finalene gjorde eg ein god runde i drilldans, der eg fekk høge poengsummar og ein 3. plass. Det var eg veldig fornøgd med. I 1 baton og 2 baton finalen gjekk det ikkje så bra som eg ønska, men likevel synest eg 5. og 6. plass er gode plasseringar ut i frå det eg gjennomførde.

–  Eg er også veldig fornøgd med å få 4.plass i senior duett med Susann Stave. Vi gjorde ein god jobb og fekk ei veldig god plassering i ein svært hard konkurranse.

Mathias driller i VM i Italia

Mathias er ambisiøs og talentfull. Foto: Atle Ommundsen.

Ambisiøs ung mann

Drillaren frå Sandnessjøen i Nord-Norge er talentfull og ambisiøs. I 2012 vart han trippel verdsmeister som junior og to år etter tok han sin fyrste EM-tittel som senior. Han synest det er inspirerande og motiverande å vere med i eit VM med så mange gode drillarar.

– Prestasjonane mine har vore litt opp og ned. Under innleiander rundar presterte eg dårlegare enn eg ønska, men fekk likevel finaleuttak.

Viktige supporterar frå Norge

Rundt 300 norske supporterar følgde landslaget til VM i Italia. Stemninga i hallen var veldig bra! Og ein liten hall gjorde det heile veldig intimt.

Det er veldig gøy å gå på konkurransegolvet når taket nesten blir løfta opp av heiaropa til den norske supportergjengen

– Å vere norsk utøvar på eit så stort meisterskap, med så mange gode og store drillnasjonar, kan vere skummelt i seg sjølv, men dei norske supporterane gjorde alt for at vi skulle kjenne oss konfortable på konkurransegolvet. Den norske delegasjonen var ein av dei beste til å heie under mesterskapet. Det set eg som utøvar veldig stor pris på. Det er veldig gøy å gå på konkurransegolvet når taket nesten blir løfta opp av heiaropa til den norske supportergjengen, seier Langseth Eliassen.

Treningsleir i Japan

No skal han tilbake til Japan for å trene i to månader.

– Eg gler meg til å reise tilbake til Japan som er ein av verdas beste drillnasjonar. Det er veldig lærerikt og motiverande å trene saman med andre frå andre land og kjenner meg heldig for får denne sjansen til å oppleve så mykje gjennom den idretten som eg elskar å drive med.  I juni deltek eg på NM korpsdrill i Larvik, og sommarferien blir fyllt av drillaktivitetar i ulike samanhengar.

Eg vil takke for alle gratulasjonar som eg har fått i etterkant av mesterskapet!

Takknemleg

Til slutt vil han takke alle som har følgt med under VM i Italia.

– Takk til alle som har heia meg fram, både i hallen og alle som har følgt med heimanfrå. Eg vil også takke for alle gratulasjonar som eg har fått i etterkant av mesterskapet!

Fleire til finalen

Maya Kosmo kom til VM-finale i juniorklassen i både Solo X Strut junior og Solo 1 Baton, medan Øydis Kind Refsum fekk finaleplass i Rhythmic twirl senior. Beste plassering blant jentene vart ein 5. plass til Maya Kosmo i Solo X Strut junior.

Jubel for 3. plassen for Spjelkavik

Sterke prestasjonar