Forkurset som startar to dagar før sjølve Dirigentuka er etterspurt av mange og vil gje grunnleggande opplæring i å dirigere, eller vil friske opp kunnskapane i direksjon. Sjølve Dirigentuka tar til måndag 8. august.

Program dirigentuka 2016

«Den gode øvelsen»

Tema for Dirigentuka 2016 er «Den gode øvelsen». Rune Hannisdal skal leie skulekorpsdirigentkurset på Dirigentuka.

– Som skolekorpsdirigent kan det vere så mykje å ta hensyn til. Under Dirigentuka skal vi jobbe med korleis ein som dirigent kan fokusere på dei tinga som ein faktisk kan gjere noko med, seier Hannisdal.

Jakten på den gode øvelsen

– Skulekorpsdirigentane er kvardagsheltane i korps-Norge, seier Morten Wensberg, initiativtakar og sjef for Dirigentuka. Han har dei siste dagane jobba intenst for å få lærar-kabalen til å gå opp. Dirigentprofessor frå Norges Musikkhøgskole, nestoren blant dirigentar Ole Kristian Ruud måtte melde avbod.

Atso Almila er dirigentprofessor ved Sibeliusakademiet i Helsinki.

Atso Almila er dirigentprofessor ved Sibeliusakademiet i Helsinki.

Almila inn for Ruud

Atso Almila hoppar inn for Ruud. Atso er dirigentprofessor ved Sibelius-akademiet i Helsinki. Han skal leie meisterklassane med Stavanger Symfoniorkester under Dirigentuka. Endringar elles er at Hilde Høyvik Dahl og Annmari Wangin leiar aspirantkorpsdirigentkurset.

Åpne foredrag 

Gler seg

På spørsmål om Wensberg gler seg kjem svaret kontant.

– Selvfølgeleg! Vi følger same spor kvart år, men prøver å finne ein balanse ved å ta vare på dei gode kursa og fornye oss, seier han. Høgdepunktet er kvar fredag når veka er over. Då gret eg på konserten både fordi det er rørande å høyre, og fordi eg er sliten og kan sleppe ned skuldrane.

Frå EM til Dirigentuka

Samlar «heile familien»

Dirigentuka vart etablert i 2012 i samarbeid med Universitetet i Stavanger og NMF. Ideen er å samle «heile familien» av dirigentar – frå nybegynnar til ekspert i eitt og same kurs. Målet er både å tilby attraktiv vidareutdanning til dirigentar i alle aldrar og på alle nivå, og ikkje minst rekruttere og utvikle unge talent. Dirigentuka er derfor både eit grasrot- og elitekurs på same tid.

Dirigentuka i Stavanger har dei siste åra vakse i omfang og anerkjenning. Dei siste åra har det kome over 100 dirigentdeltakarar frå inn- og utland kvart år. I år er det heile 110 som deltek i Stavanger.

Viktig arbeidslag

Også i år er dugnadsgjengen klar til innsats. Siv Alina Fjermestad stiller år etter år med lappe-røre og alle ingrediensane til tusenvis av deilige lappar er no på plass!

Planleggingsmøte for lunsj- og middagsservering til Dirigentuka 2016. Også blir det lappar sjølvsagt!

Planleggingsmøte for lunsj- og middagsservering til Dirigentuka 2016. Også blir det lappar sjølvsagt! Siv Alina Fjermestad og Lilli Anne J. Grong.

Alt om Dirigentuka

Dirigentuka for femte gong