Forventingsfull prosjektleiar

– Dette blir kjekt! Eg gler meg veldig, seier prosjektansvarleg Berit Handegard i NMF.

KlarinettBuffet-samlinga har fokus på samspel i aldersinndelte grupper, deltakarane kan vere med i masterclass husorkester og helga blir avslutta med ein open konsert søndag.

Dette blir kjekt!

– Kvifor eit nytt prosjekt målretta mot klarinettistar?

– NMF ser behovet for å få fokus på klarinettgruppa. Det er ei viktig instrumentgruppe i korpsa. Også kulturskulen ser dei same behova. Dessutan har vi fått ein god samarbeidspartnar i Buffet Crampon, seier Handegard.

Proffe instruktørar

Håkon Vestly er ein av instruktørane som deltek. Han er aktiv klarinettist i Stavanger Symfoniorkester og ei viktig drivkraft i klarinettmiljøet i Rogaland. Han ser fram til helga med glede.

– Ja, eg gler meg! Eg gler meg til å snakke med likesinna, utveksle erfaringar med deltakarar og studentar. Sjølv har han delteke på fleire utanlandske kongressar for klarinettistar, men det er lenge sidan.

Håkon Vestby_Foto_SSO

Håkon Vestby er ein av instruktørane. Foto: SSO

Stimulerer klarinettmiljøet

– Kvifor er det viktig med ei slik samling ulike plassar i Norge?

– Dette er ein kjempestimulans til heile klarinettmiljøet i distriktet og for klarinettistane som deltek, sler han fast.

Dette er ein kjempestimulans til heile klarinettmiljøet i distriktet

Det kan Anne Grethe Håland skrive under på.

– Det er sjeldan at berre klarinettar møtest for å spele saman. I korps har dette instrumentet gjerne lett for å forsvinne, og det er gøy at vi klarinettar kan gjere noko saman, seier ho.

Ny innsikt og inspirasjon

Anne Grethe Håland Foto: Privat

Anne Grethe Håland Foto: Privat

Håland og dei andre ser fram til å treffe proffe instruktørar. Det er namn som dei gjerne har høyrt om, men ikkje har møtt. Ho håpar å få ny innsikt, lære nye måtar å øve på og hente inspirasjon til øving.

– Å sjå og høyre dei som lever av musikken som yrke og som spelar »vårt» instrumentet som vi har som hobby, set klarinetten i eit anna perspektiv. Å få høyre om deira forhold til instrumentet blir spennande.

Å få høyre om deira forhold til instrumentet blir spennande.

Håland begynte si korpskarriere som tubaist i Rossland skulemusikk, men bytta til klarinett i Bryne Musikkorps før ho enda opp i Haugesund.

– Eg hadde ikkje noko forhold til klarinetten då, men mange snakka varmt om den fine klangen og eg vart glad i instrumentet.

Anne Grethe Håland og klarinettane i Haugesund Janitsjarorkester deltar på KlarinettBuffet. Foto: Privat

Anne Grethe Håland og klarinettane i Haugesund Janitsjarorkester deltar på KlarinettBuffet. Foto: Privat

Alt er klappa og klart

Prosjektleiaren har gode vibbar for det som skal skje til helga, både organisatorisk og økonomisk.

– Vi har fått profesjonelle instruktørar som også er gira og ønskjer å bidra for å styrke klarinettistane. Og vi har fått økonomisk støtte frå LNU (Landsrådet for Norges Barne og Ungdomsorganisasjonar) og Buffe Crampon. Dermed kan vi slappe litt av med omsyn til den biten. Det er likevel ei viss spenning før arrangementet startar.

– Ja, det er klart dette er spennande. Vi har aldri gjort dette før, seier Handegard.

Ja, det er klart dette er spennande. Vi har aldri gjort dette før

I tillegg til Håkon Vestly deltek desse instruktørane og solistar i Stavanger:
Felix Peikli, ein virtuos klarinettist med base i New York. (New York Times har omtalt han som ei stjerne)
Christian Stene, soloklarinettist i Bergen Filharmoniske Orkester og universitetslektor ved Griegakademiet i Bergen.
Alexis Baldos, frilans klarinettist i Stavanger-området. Han har blant anna spelt for Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester

Samarbeidsprosjekt

Prosjektet KlarinettBuffet er eit samarbeid mellom NMF, kulturskulane i Bergen, Tromsø, Stavanger, Trondheim og Bærum, Schlagerforlaget og Buffet Crampon.

Schlagerforlaget vil vere på plass for overhaling av instrument og tips om stell av klarinetten.

Her kan du melde deg på til klarinett-helgane i september som skjer i Trondheim, Bærum og Tromsø.