Pengar frå konserten samt støtte frå næringsliv og kulturaktivitetar på Stjørdal skaper arbeidsplassar i Bolivia. Laurdag 17. oktober er det stor konsert i Kimen Kulturhus.

Inspirert av prisvinnar

Vinnaren av Nobels Fredspris 2006, Mohammad Yunus inspirerte Halsen Musikkforening (HMF) til å staret eit lokalt mikrokredittprosjekt.  Sidan starten er det overført 170.000 kroner til Misjonsalliansen i Bolivia.

Mikrokreditt

Mikrokreditt er ein måte å for fattige å låne pengar for å skape noko sjølv og tene sine eigne pengar. Felire fattige skal med andre ord få sjansen til å skape seg eit nytt liv.

Folk i Bolivia kan starte eit nytt liv med hjelp frå Halsen Musikkforening og Ole Vig Videregående.

Folk i Bolivia kan starte eit nytt liv med hjelp frå Halsen Musikkforening og Ole Vig Videregående.

Frå kyrkja til kulturhuset

Konserten har dei siste åra blitt arrangert i Værnes kirke. Men no er den flytta til Kimen.

– No er det storsalen i Kimen som gjeld. Dette er også ein konsert som markerer at Halsen Musikkforening har flytta inn i Kimen. Vi har øvingane våre i Vektersalen noko som er ei stor kvalitetsheving frå tidlegare då vi øvde i Grustaket, fortel dirigent Espen Andersen til Bladet Stjørdalens Blad.

Lykke til med konserten!