Ein beredskapsplan er ein enkel plan med oversikt over kva som må gjerast og kven som har ansvar i ein kritisk situasjon. Planen skal beskrive korleis du skal ta hand om forulukka, pårørande, korpstillitsvalde og eventuelt media.

– Vi håpar sjølvsagt at det ikkje skjer noko med nokon som er på tur eller er med på eit arrangement, men det er lurt å vere føre var, seier generalsekretær i NMF Karl Ole Midtbø. Han legg til at planen må vere lett tilgjengeleg.

Bereskapsplanen trer i funksjon ved einkvar krisesituasjon som involverer korpsmedlemmer på arrangement der korpset deltar som ei eining.

NMFs forbundstyret har utarbeidd ein slik plan til hjelp for korpsa. I denne lenka finn du den.

Les: Unngå fallgruvene på korpstur

Vi ønskjer alle som skal ut og farte ein god tur og ein strålande sommar!