Kulturprisar blir delt ut til dei eller den som har gjort ein særleg god innsats på kulturfronten og som er gode ambassadørar for fylket, bygd eller by. Prisen skal vere med å stimulere utviklinga av kulturlivet og vere til inspirasjon og oppmuntring til nyskaping og ekstraordinær innsats.

Forsvarets Musikkorps Nord-Norge

– Musikk har ei spesiell evne til å treffe andre og djupare strengar i mennesket. Det kan derfor opne for kommunikasjon både på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå.

Dette skriv Troms fylkeskommune i si grunngjeving for å gje Forsvarets Musikkorps Nord-Norge fylkeskulturprisen. Dei får prisen for sitt mangeårige kunstnariske virke.

Musikk har ei spesiell evne til å treffe andre og djupare strengar i mennesket

I ei pressemelding skriv fylkeskommunen at prisvinnaren er særleg aktuell i år fordi forsvarssjefen har signalisert at FMKN er vurdert lagt ned. Vidare meiner dei at korpset er ein viktig kulturberar både for forsvaret og det sivile samfunnet. Ikkje minst gjennom den sentrale rolla under Festpillene i Nord-Norge. Her har dei vist seg som nerverande og allsidig musikkleverandør til foket i landsdelen.

Forsvarskorpsa_nynorsk

Vidare skriv dei: «Kunst og kultur knytter mennesker sammen, også i krise og under turbulente forhold. Forsvarets musikkorps har en stor samfunnsoppgave, da deres tilstedeværelse kan gi håp og samhold i situasjoner som er særlig krevende. FMKN representerer slik både en heroisk, støttende og brobyggende side av forsvaret i nord. De binder sammen befolkning og forsvar når det trenges som mest.»

Fitjar skulekorps gode ambassadørar

Også fleire kommunale kulturprisar går i år til korps. Denne veka fekk Fitjar skulekorps i Hordaland kulturprisen. Styreleiar Arnhild Jordå Raunholm vart svært glad på vegne av både korps, dirigent, styret og foreldre.

– Det er ei stor ære å ta imot kulturprisen og ein god stadfesting på det omfattande arbeidet som blir lagt ned. Det er også ein attest frå bygda at skulekorpset blir sett pris på, seier Raunholm.

I grunngjevinga heiter det mellom anna: «Fitjar skulekorps er gode ambassadørar og representerer bygda vår på ein framifrå måte. Nøyaktig arbeid frå musikantar, dirigent og foreldre har gjeve resultat og har i år oppnådd historiske resultat og mange har fått augene opp for Fitjarbygda når dei har høyrt og sett korpset.»

Det er ei stor ære å ta imot kulturprisen

I Juni 2015 vann korpset NM brass for skulekorps 2.divisjon , og i november 2015 stilte skulekorpset for fyrste gong i historia på konkurranse i 1. div. med ein flott 4. plass på Sotrafestivalen.

friluft

Som ledd i «Friluftsåret 2015» og «Korps på friluftstur» arrangerte korpset tre «Korps på tur»-konsertar. Korpset tenkte nytt og samarbeidde med andre lag og organisasjonar frå bygda.

Sola Brass Band

Sola Brass Band får kulturprisen for 2015 frå Sola kommune. Dei har i ei årrekkje fronta Sola kommune på ein storarta måte og er ein flott representant for kommunen sine lag og foreiningar. I over 30 år har korpset vore aktiv bidragsytar i det lokale kulturlivet, samtidig som dei har fronta Sola gjennom mange reiser i inn- og utland. Korpset har gjennom målretta arbeid blitt eit av landets fremste ensemble innan sin sjanger.

Stathelle skolemusikk får kulturpris

Eit søk innom Google og Facebook gjev treff på fleire korps som får kulturprisar. Blant andre har Stathelle skolemusikk fått Bamble kommune sin kulturpris 2015.

– Gratulerer så mykje til Stathelle skolemusikk. De er til stor inspirasjon for mange, skriv ein på Facebook.

Korpset fekk også prisen i 2008.

Kvinesdal Musikkorps – samhaldet sterk

Og Kvinesdal Musikkorps fekk årets kulturpris på 30-årsfesten til Kvinesdal kulturhus. Vaksenkorpset har vore kulturberar sidan 1965, men alt i 1927 fekk entusiastar i stand eit korps i bygda. Styreleiar Per Anders Grimstad roste den sosiale og musikalske gleda blant medlemmene. Samhaldet gjer korpset sterkt, men dei ønskjer seg fleire medlemmer.

Enkeltpersonar får kulturpris

Astrid S. Hamre mottok Lund kommunes kulturpris med grunngjeving i den langvarige innsatsen i tre musikkorps i kommunen, blant andre Moi Musikkorps og Moi skolekorps.

Det var ein rørt dirigent som gjekk opp for å ta imot kulturprisen.

– Tusen takk. Eg er rørt. Eg var sju år då eg hadde lyst å begynne å spele i korps, men var for ung. Eg huska at mi eldre venninne fekk vere med, og det syntes eg var urettferdig og møtte opp i håp om å få bli med. Dirigenten sa eg fekk lov om eg fiksa ein holete kornett. Det gjorde far min, og eg fekk bli med.

Korpset overraska

Som ei overrasking stilte heile musikkorpset opp og spelte to songar for å heidre dirigenten sin. Det rørte også Hamre.

– De er eineståande. Korps har vore ein del av meg sidan eg var lita. Dette er ei flott bygd å bu i, eit flott korps å få vere ein del av. Det er heilt fantastisk, seier ho til avisa Agder Flekkefjord Tidende.