Birgitte Grong er 39 år, tilsett som musikkonsulent i NMF for å jobbe blant anna med aspirantopplæring. Ho er stasjonert på NMF Sør sitt kontor i Sandefjord, men bur med familien på fem i Skien.

Kvalitet tidleg

– Kvifor er kvalitetsopplæring viktig tidleg?

– Det er grunnmuren. Eg har vore opptatt av dette gjennom mange år. No er det fleire og fleire som snakkar om det og det er kome på agendaen, og det er eg veldig glad for. Startar du med å lære ting riktig frå starten, er det mykje lettare å fylle på med kunnskap og oppleve mestring. Og med mestring kjem spelegleda.

Ho legg til at heile familien er viktig i denne fasen.

– Eg er opptatt av at aspiranten/junioren skal få eit godt møte med korpsrørsla, men også foreldra. Er alle involvert på eit eller anna vis, er det mykje lettare å fylle på med kunnskap og det er ein større sjanse for at dei held fram med å spele i korpset.

Eg er opptatt av at aspiranten/junioren skal få eit godt møte med korpsrørsla, men ogå foreldra.

Vakse opp med korps

Grong kjem frå ein korpsfamilie. Både far, mor og brødrene spelar, eller har spelt i korps, og sjølv spelar ho fløyte som hovudinstrument. Ho har grunnutdanning i musikk og spesialpedagogikk, vidareutdanning i korpsleiing og ensembleleiing og har studert kultur, administrasjon og leiing. Før ho ved nyttår starta som musikkonsulent i NMF, har ho jobba i kulturskulesystemet, vore innom barnehageprosjekt, skuleprosjekt, «musikk fra livets begynnelse», har drive fagleg utvikling på musikk og vore korpskontakt.

Dirigerer korps i Skien

I Skien dirigerer ho aspirant- og juniorkorpset kvar måndag på fjerde året. Ho har sett behovet for å legge til rette for gode tips og forslag til opplæring blant dei yngste.

– Eg har god bakgrunn frå det eg no skal jobbe med og samarbeide med korps om, seier ho.

Med brei grunnutdanning, mange ulike praksisplassar er ho opplært til å sjå på kva som er mulig, alt frå skule, fengsel og sjukehus.

– Dette er godt å ta med seg når eg jobbar med «ferskingar». Altså unge aspirantar (red.anm)

Gjer du feil ting i aspirantopplæringa, kan du øydelegge eit korps i eit lokalsamfunn. Gjer du dei rette tinga, kan korpset blomstre vidare.

Kulturskuletimen vidareført i Skien

Gjennom SFO-prosjekt i Skien, jobbar ho for å få betre kontakt med skulane som høyrer til korpset ho dirigerer. Då Ap-regjeringa kom med forslag om ein gratis kulturskuletime gjekk den rett inn i samme tankegangen. Sjølv om tilbodet forsvann med ny regjering, har ho vidareført denne tanken i sitt korps. Og alle andre som vil, kan bruke same opplegg.

– I Skien har vi hatt trua på at dette er viktig, og vi ser resultat, om ikkje med ein gong, så over tid.

Positive sirklar

Allereie fyrste året såg skulane på korpset som ein kvalitetsaktivitet. Dermed vart vi møtt på ein annan måte. Etter tre år skaut rekrutteringa i veret for korpset hennar.

– Mange fleire la merke til korpset og begynte å snakke om det, foreldra, borna og andre. Det gav positive sirklar. Dermed rekrutterte vi litt og litt, fyrste åra 5, så 7, så 11 og gradvis slo det til med 18 nye aspirantar i år.

I Skien har vi hatt trua på at dette er viktig, og vi ser resultat, om ikkje med ein gong, så over tid.

Dersom du spør musikksjefen i NMF, Geir Ulseth om kven som kan rettleie om aspirantopplæring får du raskt svaret:

– Birigitte er ein av dei beste i landet. Snakk med henne!

– Det er hyggeleg å høyre, seier Birgitte som legg til at det er mange der ute som gjer ein god jobb.

– Men eg har snakka høgt og mykje om det, og dermed blir eg kanskje oppfatta slik.

Haldningsendring

I tillegg meiner ho det er viktig å få gjort noko med utdanningssystemet.

– Vi er i gang. Det har skjedd noko med haldningane dei siste åra. Statusen med å jobbe med born/aspirantar har endra seg. Aspirantdirigenten er kome på agendaen, og det er bra. Det skulle berre mangle, men det har vore ein litt lang veg å gå, seier Birgitte.

Birigitte er ein av dei beste i landet

I NMF vil ho jobbe med ting som vil ha god effekt på lang sikt, men også hjelpe korps med tips og idear her og no. Ho har utarbeidd «Aspirant-tipset». Dett er tips til korps som arbeider med aspirantar/juniorar. Tipsa blir liggande på nettsidene våre – musikkorps.no og vil kome i informasjonsbrev til korpsstyra.

Ta gjerne kontakt med Birgitte Grong på epost birgitte@musikkorps.no eller telefon 906 19 924.