– Det vart kjedeleg å sitte i ro å spele kornett i korpset, så eg leverte inn instrumentet og begynte å spele slagverk i staden, fortel Sander Gjerde.

Til NM har han med seg si eiga sjølvproduserte skarptromme. Under framføring av «Music for a Festival» av Philip Sparke i NM, går han konsentrert fram og tilbake mellom slagverk, skarptromme, marimba og vibrafonar og held nøye auge med dirigent Christopher Røedvang. Han likar det han held på med.

– Det er veldig gøy å produsere, reparere og ikkje minst spele, seier han.

Skarptromma som Sander Gjerde har produsert. Foto: Olga Wergeland.

Skarptromma har Sander Gjerde produsert. Foto: Olga Wergeland.

Godt verkty og rett materiale

For å produsere slagverksutstyr må han ha godt med verkty. Heime i Knarvik i Nordhordland har han ein verkstad utanfor huset. Her finn vi benk-boremaskin, slipeutstyr og sveiseapparat. Skarptromma har han laga heilt frå botnen.

– I 10. klasse var eg utplassert og fekk noko stål-materiale frå TIP (Teknisk Industriell Produksjon) i Knarvik. Skarptromma tok nokre veker å lage. Her har eg slipt ut stålet, sett på skruar rundt om på skinnet og stramma opp. Det er ei høyre-sak å få den rett stemt.

I tillegg til øyret, har han ein liten dings som han set oppå skinnet og måler kor stramt det skal vere.

Oppdrag frå elitekorpset

Det heile starta med at Eikanger-Bjørsvik Musikklag gav han små oppdrag, og så har det berre blitt meir og meir.

– Eg lagar blant anna haldarar til marimbastykka, køller, reparerer trommer og anna musikkutstyr.

Sander har laga stativet til slagverkskøllene. Foto: Privat

Sander har laga stativet til slagverkskøllene. Foto: Privat

God kvalitet

På Musikkhuset i Knarvik spelar elitekorpset Eikanger-Bjørsvik Musikklag på slagverkstutstyret til Sander. Svein Fjermestad skryt uhemma av slagverket som Sander har laga.

– Dette er faktisk av så bra kvalitet at EBML ofte har brukt det på scena på NM, konsertar og øvingar.

Det er reine handverket meiner Fjermestad og det likar Sander å høyre.

-Eg synst det er kanonkjekt at Eikanger også likar det eg lagar og vil spele på det. Sjølv har han vore med og spelt saman med dei av og til.

Stolt musikant med eigenprodusert skarptromme. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Stolt musikant med eigenprodusert skarptromme. Foto: Olga Wergeland/NMF.

Ferie og nesten fri

Sander har det siste året gått på elektro-lina på Åsane vidaregående skole. Til hausten har han søkt seg på el-energi på Knarvik vidaregåande. Men før det ventar ein sommar med litt fri.

– I sommar skal eg reparere nokre småting, vere litt på sjøen og køyre båt, og så skal eg ein tur til Sverige med familien, seier Sander.

God sommar, seier vi.