Hjørungavåg skulekorps søkjer dirigent

En munter og speleglad gjeng søkjer dirigent.

Hjørungavåg skulekorps er eit janitsjarkorps, stifta 1968 og består av ca. 30 aktive musikarar i alderen 11 til 14 år.

Vi held til i Hjørungavåg i Hareid kommune, ei bygd ca. 5 min. frå Hareid sentrum og øver på måndagar frå kl. 18.00 til 20.00 på Hjørungavåg skule.

Vi ynskjer ein dirigent som kan være med å skape engasjement og speleglede for musikantane i et trygt miljø. Vi ynskjer fortrinnsvis at søkjaren har musikkfagleg bakgrunn, gjerne innan direksjon og/eller musikkpedagogikk. Søkjaren må ha erfaring med musikalsk arbeid med vaksne og/eller born og unge. Vi ynskjer at søkjaren har evne til sjølvstendig arbeid og planlegging, men også kan samarbeide godt med andre. Søkjaren må kunne undervise, engasjere og motivere dei unge medlemmane.

Hjørungavåg skulekorps

 

Arbeidsoppgåver:

  • Musikalsk ansvar for øvingane ein gong pr. veke i skuleåret.
  • Utvikle medlemmane sine musikalske ferdigheiter.
  • Ta del på konsertar og arrangement.
  • Samarbeide tett med styret.

Stillinga er ledig frå 23. januar 2018 og vil i stillingsstørrelse utgjere ca. 18 -20 % stilling.  Løn etter avtale.

Søknad på e-post til:  jobreivik@yahoo.no innan 31/12-2017.

For meir informasjon/spørsmål ta kontakt med Leiar i styret: Jan Ove Breivik, mob. Tlf. 47909186

Søknadsfrist: 31.12.2017