Saman med eit av verdas beste kor og verdsmusikaren Frode Fjellheim skal Nidaros Brass Band gje publikum ei unik konsertoppleving i Norge sin nasjonalheilagdom, Nidarosdomen.

Verdsstjerner i samspel med NBB

Damekoret Cantus med dirigent Tove Ramlo-Ystad og musikar og komponist Frode Fjellheim har kvar for seg gjort stor suksess i inn- og utland. Saman har dei blitt verdskjende med bidraget sitt i Disney sin animasjonsfilm «Frost», som er blitt ein internasjonal suksess. Frode Fjellheim har laga musikken og eit heilt nytt arrangement for Cantus og Nidaros Brass Band, som blir framført på konserten.

Musikken er krevande, men det går framover.

Som hovudverk på konserten har Nidaros Brass Band valt å spele Kensington Concerto av Eric Ball.

– Eit fantastisk flott stykke musikk som er Nidarosdomen verdig, skriv korpset på nettsidene sine.

«LYS»

Jan Magne Førde sitt musikkstykke «LYS» er eit anna bidrag frå Nidaros Brass Band. Dette stykket har også gitt namn til konserten. NBB er dirigert av Geir Ulseth.

Frode Fjellheim er freelance musiker, komponist, arrangør og produsent. Han er professor i musikk ved Høgskolen Nord-Trøndelag. Han har blant anna komponert fleire bestillingsverk til Festspillene i Nord-Norge.

Et fantastisk flott stykke musikk.

Aktørane vil bidra med eigne ting, men vil i stor grad prøve å sette ei unik stemning ved å samarbeide musikalsk og på den måten skape ei eineståande konsertoppleving.

Les mer på NBB sine sider: LYS – våren store konserthøgdepunkt