Då Klyve skolekorps feira 60-årsjubileuem med konsert i Ælvespeilet vart Tone Walaas Brodahl litt blank i auga. Med neste fullsett konsertsal kunne korpsleiaren stolt konstatere at Klyve skolekorps med drillarar var over 40 medlemmer.

– I dag er eg stolt og glad over at det i det heile tatt vart konsert i Ælvespeilet og at korpset får leve vidare, seier Walaas Brodahl.

For slik såg det ikkje ut rundt årsmøtetider i februar.

Sende brev

Mange slutta på same tid, korpset stod igjen med 12-13 musikantar og nesten ingen drill. Men så kom det nokre jenter som ville drille, og statuttane i korpset måtte endrast. Walaas Brodahl var styremedlem på den tida og tok initiativ til eit brev der ho var veldig tydeleg på at her måtte foreldre stille opp om dei ønskte eit korps på Klyve. På årsmøtet kom foreldra og mange var svært villige til å ta på seg styreverv.

Ho var sjølv tenkt å kaste inn handkleet, men måtte ta ein «time-out» på direkte oppfordring frå ein drillpappa som ville bli sekretær om ho tok leiarvervet. Med støtte på heimefronten, tok ho styreleiarjobben.

God drift gjennom å vere synlege

– Vi har fått mykje energi til å drive korps. Eg er ikkje «mammaen som redda korpset». Å drive korps er alt anna enn eit «one-man-show». Det dreiar seg om eit puslespel med store og små oppgåver som skal gjerast. Alle er med og dreg, seier ho i eit intervju med avisa Varden.

Les intervju i avisa Varden.

Korpset har fått mange nye aspirantar på kort tid. Forklaringa er målretta arbeid. Representantar frå korpset var på eit interessant seminar på Kragerøkonferansen i januar der Jomik Guldager i Stathelle skolemusikk inspirerte rundt det å vere stolt, synleg og ha god drift i korpset.

– Det har vi klart gjennom godt samarbeid med skulen og kulturskulen. Vi fekk kome på «Open dag» på skulen og inviterte oss sjølve på foreldremøte, seier Tone Walaas Brodahl.

Kanskje korpset ditt er klar for påfyll og inspirasjon? Ny Kragerøkonferanse i januar 2016.

Programmet for Kragerøkonferansen 2016

Kjøpte popcornmaskin

Det fyrste styret gjorde var å kjøpe popcornmaskin.

– Vi ville skape blest og lage godt humør og liv i korpskjellaren på «Open skule», fortel Tone til NRK Telemarkssendinga

Høyr Walaas Brodahl i NRK Telemarksendinga.

Les om Jomik Guldager og Stathelle skolekorps – Fra 0 – 100 på fem år.